Læreplan og undervisning
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Autumn
- Emnekode
- PEDA131
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet har som overordna mål å gje lektorstudentar fagleg forståing for læreplanen og undervisninga i ljos av allmenndidaktiske problemstillingar og pedagogisk teori.
Studentane vil for det fyrste få eit oversyn over korleis læreplanen i skulen både historisk og i samtida, vert forma av utdanningspolitiske strøymingar. Læreplanen er den sentrale didaktiske ressursen i lærararbeidet, samstundes som han er eit verktøy for politisk styring. Emnet vil gje innsikt i problemstillingar som spring ut av dette spenningsforholdet, særleg knytte til ulike didaktiske omsyn læraren må balansere.
For det andre vil emnet gje ei innføring i prinsipp om inkludering og tilpassa opplæring og kva desse inneber i praksis, både knytte til mangfald i individuelle føresetnader og skulen som ein fleirkulturell institusjon.
For det tredje vil emnet bidrage til studentane sitt kunnskapsgrunnlag for å kunne gjere reflekterte didaktiske og pedagogiske val. Her vil emnet presentere teoriar om læring (kognitive, sosiale, estetiske), motivasjon og moralsk danning. Vekta vil liggje på korleis teoriane kan gje føringar for god undervisning og kva som skaper gode læringsmiljø.
Gjennom deltaking i emnet vil studentane få styrke danninga av eigen profesjonell identitet og få øve opp dygder som pedagogisk takt og kritisk tenking.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten
- har brei kunnskap om allmenndidaktiske perspektiv på undervisning og læreplanar
- har fagleg forståing for historiske og samtidige samanhengar mellom utdanningspolitikk og læreplanar
- har oversyn over og kunnskap om sentrale teoriar om læring, motivasjon og moralsk danning, og deira tyding for undervisning og læringsmiljø
- har innsikt i prinsipp om inkludering og tilpassa opplæring som ideal og praksis, samt kunnskap om den spesialpedagogiske tiltakskjeden.
- har kunnskap om det fleirkulturelle klasserommet historisk og i notid, og kjenner til dei lovmessige og politiske føringane som gjeld for samar, nasjonale minoritetar og minoritetsspråklege elevar generelt
Ferdigheiter:
Studenten
- kan på ein sjølvstendig og reflektert måte drøfte praktiske undervisningssituasjonar og aktuelle læreplanar i ljos av allmenndidaktiske og utdanningspolitiske perspektiv
- kan gjere bruk av teoriar om læring, motivasjon og moralsk danning til å analysere og diskutere god undervisning og eit godt læringsmiljø
- kan drøfte fagleg korleis prinsipp om inkludering og tilpassa opplæring kan sjå ut i praksis
- kan drøfte dilemma som kjem til uttrykk i det fleirkulturelle klasserommet
- kan nytte casemetodikk som verktøy til å reflektere over aktuelle problematikkar i lys av teori og forsking.
Generell kompetanse:
Studenten
- kan syne kritiske vurderingsevne
- kan gjere nytte av sentral pedagogikkfagleg og allmenndidaktisk kunnskap for å reflektere over og grunngje praktiske avgjersler i læraryrket
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Førebudd deltaking på seminar
- Munnleg presentasjon av oppgåve basert på arbeid med case
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform
- Skuleeksamen (5 timar)