Lab- og metodekurs i kvartærgeologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Metodane nytta i kvartærgeologisk/naturgeografisk forsking er i stadig utvikling, og det kjem heile tida til ny teknologi som vert teken i bruk for å betre kunne studere prosessmiljøa og sedimenta som vert avsett av ulike eksogene prosessar. Målet med emnet er å gje ei innføring i ulike metodar som vert nytta til å gjennomføre kvartærgeologiske og naturgeografiske forskingsprosjekt, og gjere studentane betre rusta til å møte dei praktiske utfordringane knytt til felt- og laboratoriebaserte forskingsprosjekt i kvartærgeologi, naturgeografi og paleoklima.

Emnet tek sikte på å gje ei innføring i ulike metodar for å studere overflateformar og sedimentære avsetningar (kvartærgeologisk kartlegging, drone-fotogrammetri, georadar, LiDAR, CHIRP, ekkolodd etc.), samt korleis ein kan samle inn geologiske prøvar frå jordoverflata (sedimentkjernar, jordprøver etc.). Vidare vil ein arbeide med dei same prøvane og data som ein har samla inn gjennom feltarbeidet i laboratoriet, der ein vil få innføring i ein del sentrale metodar (magnetiske-, geokjemiske- og fysiske sedimentparametre etc.) for å kunne karakterisere sedimenter avsett av ulike geomorfologiske agensar. Ein vil også arbeide med ulike metodar for å handsame geografisk informasjon og geofysiske data samla inn under feltarbeidet (georadardata, dronefoto, djupnedata frå innsjøar, CHIRP-data, kartdata etc.), og det vil bli gjeven ei innføring i statistiske metodar, samt handsaming og visualisering av kvantitative data. I dette arbeidet vil ein få kjennskap til ulike typar programvare som til dømes ArcGIS Pro, RadExplorer, PiX4D, R, og Microsoft Excel.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten:

  • har oversyn over dei viktigaste metodane som nyttast i kvartærgeologisk og naturgeografisk feltarbeid
  • kan skissere kva teknikkar som eignar seg for analyse av ulike sedimenttypar i laboratoriet basert på gitte problemstillingar
  • vet korleis en kan innhente, prosessere og skildre geofysiske feltdata
  • vet korleis en kan presentere og tolke geografiske data som kan nyttast i forskingssamanheng

Ferdigheiter

Kandidaten:

  • kan planlegge og gjennomføre feltarbeid basert på gitte problemstillingar
  • kan nytte ulike typar prøvetakingsutstyr for å ta borkjernar i innsjøar
  • kan prosessere og tolke informasjon innhenta med ulike geofysiske metodar
  • kan tolke kvartærgeologiske kart, seismiske profiler og grafar som skildrar tidsseriar
  • kan framstille og drøfte data som er samla inn med ulike feltteknikkar
  • kan tolke genese og prosessmiljø ut frå ulike typar innsamla geologisk materiale

Generell kompetanse

Kandidaten:

  • kan vurdere kva feltteknikkar som kan nyttast til å løyse ulike kvartærgeologiske problemstillingar
  • kan planleggje og gjennomføre feltarbeid i samsvar med gjeldande HMS-retningslinjer
  • kan planleggje og gjennomføre eit laboratorieforsøk i samsvar med gjeldande HMS-retningslinjer
  • kan demonstrere evne til å arbeide individuelt og i gruppe i feltsituasjonen og på laboratoriet

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

 Haust

Undervisningsstad

Bergen, + feltarbeid på Vestlandet
Krav til forkunnskapar
GEOV101, GEOV102, GEOV104, GEOV107, GEOV111 samt GEOV106 eller GEOV110
Tilrådde forkunnskapar
Bachelor i geovitskap (geologi, geofysikk) eller tilsvarande, GEOV225.
Studiepoengsreduksjon
10 sp overlapp med GEO313 (for studenter med eksamen fra 2012 eller senere); 5 sp overlapp med GEO313 (for studenter med eksamen før 2012)
Krav til studierett

Ope for studentar på masternivå eller 5. semester bachelor som oppfyller forkunnskapskravet.

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet 

Arbeids- og undervisningsformer
  • Seminar/forelesning: kvar veke (unntatt veker med felt- og laboratorieøvingar)
  • Feltøvingar: Tre dagar
  • Laboratorieøvingar: Fem dagar
  • Obligatorisk undervisningsaktivitet

    Refleksjonsnotat, gruppevis presentasjon, posterpresentasjon, samt deltaking på seminar og på felt-/laboratorieøvingar

    Godkjende obligatoriske arbeidskrav kan berre gjennomførast ein gong og har ingen tidsavgrensing.

    Vurderingsformer

    Mappevurdering av:

    • Fleirvalsprøve/quiz - 30 %
    • Poster - 20 %
    • Semesteroppgåve - 50 %

    Alle delane av mappevurderinga må vere godkjend i same semester.

    Karakterskala
     Karakterskala A-F
    Vurderingssemester
    Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ingen
    Programansvarleg
    Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
    Emneansvarleg
    Jostein Bakke
    Administrativt ansvarleg
    Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved institutt for geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
    Institutt
    Institutt for geovitenskap