Organisasjonsteori

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Den verda vi lever i er gjennomorganisert - vi lever og døyr i meir eller mindre formelle organisasjonar. Vårt utgangspunkt er at det å kunne analysere ulike organisasjonsmønstre og -prosessar er grunnleggjande for å kunne forstå korleis avgjerder fattast og korleis vi påverkast og påverkar som enkeltborgarar, konsumentar og som grupper. Innanfor ein statsvitskapleg ramme vert organisering ein viktig forklaringsfaktor for korleis samfunnet styrast og dermed eit viktig studieobjekt. I økonomisk samanheng er organisasjonsutforming viktig for effektivitet og nyskaping og kulturelle og religiøse strømmingar uttrykkjast gjennom organisasjonar.

Kurset skal gi oversikt over grunnleggjande omgrep og ulike teoretiske retningar i studiet av organisasjonar og gi innsikt i korleis organisasjonsteoriar kan tene som reiskap for å kunne analysere offentlege så vel som private organisasjonar. Ein skal øvast i å bruke ulike innfallsvinklar til analysane og kunne vise kritisk sans og sjølvstende i val av omgrep og metodar.

Emnet dekker følgjande problemstillingar:

  • Kva kjenneteiknar organisasjonar i offentleg sektor når det gjeld oppgåver, organisasjonsformer, leiing og ytre arbeidsføresetnader?
  • Korleis fungerer byråkrati og kva er dei samfunnsmessige føresetnadene for byråkratiet?
  • Organisasjonsendring er ofte eit resultat av reformstrategiar hjå sentrale myndigheiter, men kva lærer organisasjonane frå slike reformar?
  • Kva rolle spelar makt og autoritet for kor godt organisasjonar klarar å løyse sine oppgåver?
  • Kva slags former for leiing kan ein identifisere og korleis samverkar leiingsformer med organisasjonstypar, sektoreigenskapar og eigenskapar ved nasjonale kulturar?
  • Korleis kan ulike måtar å organisere på fremje bestemte formål og gruppeinteresser og stenge andre ute?

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper

Studenten kan

  • Gjere greie for omgrep og ulike teoretiske retningar i studiet av organisasjonar
  • Gjere greie for omgrep og problemstillingar innan emna struktur og kultur, makt og konflikt, forholdet organisasjon-omgivnader, organisatoriske grenser, leiing, reformer og endring
  • Gjera greie for dei tre hovedperspektiva; instrumentelt, kulturelt og omgivnader (myte)
  • Gjere greie for det særeigne ved organisasjonsfaget vs andre fag.

Ferdigheter

Studenten kan

  • bruka relevante faglege omgrep for å få innsikt om konkrete organisasjonar.
  • identifisera og forstå viktige trekk ved konkrete organisasjonar
  • bruka ulike teoriar i analyse av organisasjonar
  • bruka organisasjonsfaglege omgrep for å forstå aktuelle utfordringar i samfunnet

Generell kompetanse

 Studenten kan ..

  • forstå kjernen i fagleg argumentasjon
  • diskutera og forhalda seg kritisk fagstoff og fagleg argumentasjon
  • planleggja og gjennomføra arbeidsoppgaver som deltaker i gruppe, og da i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • setja seg inn i nye faglege problemstillingar

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng 

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
AORG100A / AORG100B / GOV100
Studiepoengsreduksjon

AORG101 (10 sp) 

GOV101 (10 sp)

Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer
Inntil 10 førelesingar og 8 seminarsamlingar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Gruppeoppgåve 2000 ord (+/-10%). Obligatorisk arbeidskrav som er godkjend har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer

Mappevurdering med samla vurdering basert på følgjande:

  • Heimeksamen (8 timar)
  • Skuleeksamen (4 timar)

Heimeeksamen og skuleeksamen tel likt, ein samla karakter vil bli gitt på mappa.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk eller dansk. Det er også høve til å levere på engelsk.

Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret. Ny skuleeksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering, som har levert heimeeksamen.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen

Skuleeksamen: Ingen 

Heimeeksamen: Alle

Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for politikk og forvaltning har det administrative ansvaret for emnet.