Kjemididaktikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet tek opp kjemien sin eigenart samanlikna med dei andre realfaga og kva konsekvensar denne medfører for elevane sin læring. Vi ser på eksemplar for korleis kjemisk tenking har utvikla seg og korleis dette kan brukast i undervisninga. Emnet drøftar ulike arbeidsformer som til dømes presentasjon av fagstoff, forsøk, diskusjonar i heilklasse eller i grupper, bruk av modellar og modellering og oppgåveløysing. Bruk av læreplanen og læremidlar for planlegging av undervisninga og ulike vurderingsformar blir diskutert.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

 

Kunnskap

Studenten

  • har inngåande kunnskap om korleis tenking i kjemi har utvikla seg
  • har avansert innsikt i ulike måtar å fremje elevaktiv læring på, deriblant kontroversielle samfunnssaker

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere kompetansemål i læreplanen og omsetje læreplanmål til undervisningsopplegg
  • kan anvende sentrale taksonomiar og prinsipp for summativ og formativ vurdering tilpassa kompetansemål og elevgruppa

 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan drøfte sentrale utfordringar i kjemiundervisninga med kollegaer og bidra til fagdidaktisk utvikling
  • kan analysere eigen og andre si undervisning og grunngi val av ulike metodar

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar

PEDA131, REALDI200, LANGPRAKSIS1.

Emnet skal normalt tas parallelt med LANGPRAKSIS2

Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Overlapp med KJEMDID220: 10sp.
Krav til studierett
Studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi sitt lektorprogram i naturvitskap og matematikk
Arbeids- og undervisningsformer
36 timar (forelesing og seminar)
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Inntil seks obligatoriske oppgåver (skriftlege og munnlege) knytt til skulepraksis eller forelesingstema

Gyldig i fire semester; inneverande og tre påfølgjande

For å kunne ta eksamen i KJEMDID300 må normalt langpraksis i 8. semester være bestått.

Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
  • Munnleg eksamen
Karakterskala
Bokstavkarakter med skala A, B, C, D, E, F
Vurderingssemester
Haust/vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.desember.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Lektorutdanningsutvalet ved MN og UiBs sentrale programstyre for lektorutdanning har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet. Matematisk institutt har det administrative ansvaret for programmet.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB.
Administrativt ansvarleg
Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.