Nordisk: Litterært emne
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- NOLI220
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og ev. dansk og svensk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Våren 2024 følger NOLI220 undervisningen til NOLI312/KVIK203. Pensum finner du under en av de to emnekodene.
Tema for våren 2024: "Det moderne gjennombruddet" (1870-90). Kjønn, seksualitet og identitet.
Emnet skal gje ei grundig innføring i eit avgrensa temaområde innafor nordisk litteraturforsking. Det skal gje kunnskapar og dugleikar som går ut over det studentane har tileigna seg på 100-nivå.
Emnet er ein valfri del av bachelorgraden i nordisk språk og litteratur, der studentane spesialiserer seg i eit nærare definert område av faget.
Kva fagområde emnet dekkjer, ligg ikkje fast. Det kan variere frå gong til gong emnet blir tilbode. Emnet kan gje tilbod om fordjuping i t.d. retorikk, ein sjanger, ein forfattarskap, ein litterær tradisjon eller epoke, ein spesifikk metode eller teori osv.
Læringsutbyte
Etter å ha studert dette emnet skal studentane
- ha brei og inngåande kjennskap til skjønnlitteraturen på pensumet
- kjenne til sentrale poeng i fagtekstane og dei grunnleggjande argumentasjonsformene i dei
- ha oversyn over relevant forsking innanfor emneområdet
- ha kunnskap om sentrale forskingsproblem knytt til emneområdet
Studentane skal kunne
- diskutere og vurdere den aktuelle primærlitteraturen og faglitteraturen
- diskutere teorigrunnlaget i ein fagtekst
- velje ut og vurdere bruken av teori i eige arbeid
- skape eigne fagtekstar med grunnlag i adekvate omgrep og metodar
Studentane vil og generelt vere i stand til å
- skrive sjøvstendige fagtekstar innanfor eit avgrensa fagområde
- grunngi valet og bruken av omgrep og metodar i eige tekstarbeid
- velje ut relevant teori knytt til eit forskingsområde
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å delta med minst eitt førebudd munnleg innlegg eller minst ei skriftleg innlevering i løpet av semesteret.
Den obligatoriske aktiviteten er gyldig i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Sju dagars heimeeksamen (om lag 4000 ord).
Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk.
Eksamenssvaret skal skrivast på norsk, og målforma på heimeeksamen vert fastsett ved loddtrekking seinast 14 dagar før eksamenen startar.
I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.