Andrespråkslæring- og undervisning for integrert lektorutdanning

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje kunnskap om korleis ein lærer eit andrespråk, og om på kva måte læringsprosessen kan påverkast positivt gjennom undervisning. Emnet omfattar både språklæringsteoretiske og didaktiske aspekt ved andrespråkslæring.

Andrespråkslæring er eit komplekst fenomen som omfattar språklege, kognitive og sosiale prosessar, og som vert studert frå ulike teoretiske tilnærmingar. Emnet gir ei innføring i dette teoretiske mangfaldet. Trekk ved språket til innlærarane og analyse av innlærarspråk har også ein sentral plass i emnet. Vidare tar emnet opp didaktiske aspekt knytt til rammevilkår for andrespråksundervisning, der elevens fleirspråklege situasjon er eit viktig utgangspunkt. Det vert teke opp korleis andrespråksundervisninga vert implementert for ulike målgrupper, ulike føremål og ulike skuleslag, med vekt på opplæringssituasjonen i Noreg. Her kjem ein inn både på ulike modellar for undervisningsorganisering og grunnleggjande undervisningsmetodiske prinsipp (praktisk metodikk fell utanfor).

Læringsutbyte

Ein student som har gjennomført emnet, skal ha følgande læringsutbyte:

Kunnskap:

Studenten

  • har innsikt i kva som karakteriserer innlærarspråk
  • har innsikt i ulike teoretiske tilnærmingar til andrespråkslæring
  • har innsikt i andrespråkdidaktiske spørsmål
  • har innsikt i fleirspråklegheit i opplæring

Dugleik:

Studenten

  • kan analysere innlærarspråk
  • kan gjere greie for ulike teoretiske tilnærmingar til andrespråkslæring
  • kan reflektere over val av innfallsvinkel i andrespråksundervisninga
  • kan reflektere over andrespråkslæring og andrespråksundervisning i lys av eleven sin fleirspråklege situasjon
  • kan kritisk analysere og drøfte retningslinjer og styringsdokument som gjeld språkopplæring for elavar med norsk som andrespråk

Generell kompetanse:

Studenten

  • har tileigna seg eit språklæringsteoretisk og didaktisk kunnskapsgrunnlag for å kunne undervise i norsk som andrespråk og vurdere undervisningstilbod for andrespråkslæring på ein reflektert, sjølvstendig og medviten måte

Fulltid/deltid

-

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved integrert lektorutdanning med master i nordisk.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningstype og -mengd:

Undervisninga kombinerer førelesingar og seminar og nettbasert undervisning i praksisperioden.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar / 1. september.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Om lag 22 timar undervisning anten i form av førelesingar eller seminar.

Undervisningstidspunktet blir tilpassa praksisen til lektorstudentane.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levere eitt skriftleg arbeid innan fastsett frist. Det skriftlege arbeidet skal vere på omlag 2000 ord. Valfri målform.

Obligatorisk aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Skuleeksamen på 6 timar.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk.
På den skriftlege prøva skal eksamenssvaret skrivast på norsk, og studenten vel målform sjølv.

Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring.

Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Haust. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste

Pensumet er på om lag 750 sider av normal vanskegrad. Den emneansvarlege fastset pensum i samråd med fagmiljøet.

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli.

Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Retteprogram i Inspera er slått på under skuleeksamen. Ingen andre hjelpemiddel er tillatne.
Programansvarleg
Programstyret for nordisk
Emneansvarleg
Fagmiljøet i norsk som andrespråk
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium