Andrespråkslingvistikk med bacheloroppgåve
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- NORAN250
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk. Dansk og svensk kan òg verte nytta.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet skal gje ei grundigare, djupare og meir teoretisk forankra innføring i utvalde temaområde innanfor andrespråksfeltet enn det dei NORAN-emna studenten tidlegare har studert, gjev høve til.
Emnet kan femna om alle aspekt av det som fell under samleomgrepet andrespråkslingvistikk. Både språkstrukturelle, pragmatiske, læringsteoretiske, sosiolingvistiske og didaktiske problemstillingar kan verta handsama.
Kva for tema som blir fokusert og undervist i det einskilde semesteret, kan såleis variera frå år til år.
Læringsutbyte
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte:
Kunnskap:
- Studenten har kunnskap om sentrale omgrep, teoriar og metodar innanfor andrespråkslingvistikk.
Dugleik:
- Studenten kan drøfte og resonnere kritisk rundt sentrale faglege problemstillingar som er handsama i emnet, og kunne framstille dette skriftleg.
Generell kompetanse:
- Studenten kan nytte kompetansen i andrespråkslingvistikk i yrkes- og samfunnssamanhengar der norsk som andrespråk er aktuelt.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga har form av førelesingar med innslag av seminar.
Studentkollokvium.
Rettleiing under skriving av bacheloroppgåva.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføra redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verta aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å levere utkast til bacheloroppgåve og motta rettleiing
Obligatoriske aktivitetar gjeld i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Bacheloroppgåve på inntil 5000 ord, skriven under rettleiing, og munnleg prøve. Bacheloroppgåva skal skrivast på norsk, og kandidaten vel sjølv målform.
Ingen hjelpemiddel er tillatne ved den munnlege prøva
Det vert sett separate karakterar på eksamensdelane, og dei vert rekna om til éin endeleg karakter. Bacheloroppgåva tel 60 % og den munnlege prøva 40 %. Studenten må stå på begge eksamensdelane i same semester for å stå på eksamenen.
Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensumet er på om lag 1000 sider av normal vanskegrad. Den emneansvarlege fastset pensum i samråd med fagmiljøet.
Litteraturlista vil vera klar innan 1. desember.