Praksisstudie i den offentlege tannhelsetenesta

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Mål:

Praksisstudiet skal førebu kandidaten på yrkeslivet og lette omstillinga frå å vere student til å praktisere som tannlege.

Innhald:

Gjennom undervisning i kliniske fag og samfunnsodontologi, samt gjennom erfaringar, observasjonar, refleksjonar og samtalar under Praksisstudiet, skal studentane få auka forståing for:

  • korleis tannhelsetenesta (offentleg og privat) er organisert og fungerer i praksis.
  • dei problemstillingane som pasientar og ulike typar tannhelsepersonell, møter.

Læringsutbytte

Etter gjennomført Praksisstudium har studenten følgjande læringsutbytte:

Kunnskap:

Studenten:

  • har ein viss kjennskap til dei fleste typar tannhelsetenester (offentleg og privat).
  • har innblikk i organisasjonen, administrasjonen, finansieringa og drifta av tannhelsetenesta (offentleg og privat).

Ferdigheter:

Studenten:

  • beskriv og forstår dei problema som møte både pasientar og tannhelsepersonell.
  • kjenner igjen nødvendigheita av ein førebyggjande tannpleieprofil.
  • kjenner igjen og forstår behovet for effektiv kommunikasjon med pasientar, hjelpepersonell, kollegaer og andre samarbeidspartnarar (inkl. teamarbeid).

Generell kompetanse:

Studenten demonstrerer evne til observasjon og kritisk vurdering gjennom Praksisstudiet.

Studiepoeng, omfang

4 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Emnet startar i vårsemesteret og blir fullført i haustsemesteret.

Krav til forkunnskaper

Bestått 7. semester av Integrert master i odontologi

Studiepoengsreduksjon

OD3PRA - 3 studiepoeng

Krav til studierett

Integrert master i odontologi

Arbeids- og undervisningsformer

Kursdelen av Praksisstudiet består av forelesingar og obligatoriske seminar.

Den praktiske delen av Praksisstudiet består av ein tre veker lang periode i Den offentlege tannhelsetenesta i starten av haust-semesteret med skriving av rapport/dagbok.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Gjennomføring av ein tre vekers praksisperiode i Den offentlege tannhelsetenesta.

Det er ikkje høve til meir enn to gjennomføringar av obligatoriske aktivitetar i dette emnet.

Vurderingsformer

Innlevering av ein skriftleg rapport/ dagbok/ refleksjonsnotater.

Karakterskala

Bestått/ ikkje bestått

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Emnet nyttar ikkje litteraturliste. Læringsressurser blir gjort tilgjengeleg via MittUiB.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert kvart tredje år, i tråd med Universitetet i Bergen sitt system for kvalitet i utdanning.

Hjelpemiddel til eksamen

Evalueringen er basert på rapporten fra Praksisstudiet. Kvart tilgjengelege hjelpemiddel er tillatt.

Programansvarlig

Programutval for odontologiske fag

Emneansvarlig

Professor Kristin S. Klock

Administrativt ansvarlig

Institutt for klinisk odontologi