Kjerne- og partikkelfysikk
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- PHYS241
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet gir ei generell innføring i konsept og metodar i subatomær fysikk
Innhald:
Emnet omfattar kjerne- og partikkelstruktur, spreiingsteori, symmetriar og konserveringslover, sterke og elektrosvake vekselverknadar, standardmodellen i partikkelfysikk, kjernemodellar og kjernefysisk astrofysikk og kosmologi. Kurset dannar grunnlaget for vidare fordjuping i kjerne- og partikkelfysikk.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten har brei kjennskap om
- omgrep og metodar i kjerne- og partikkelfysikk
- viktige eksperiment i kjerne- og partikkelfysikk
Ferdigheiter
Studenten kan
- gjere enkle berekningar på utvalde problemstillingar i kjerne- og partikkelfysikk
Generell kompetanse
Studenten har forsterka sin evne til
- kritisk tenking
- å kunne avsløre "alternative fakta" i offentleg diskusjon
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing.
Vurderingsformer
Muntlig eksamen
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.