Atomfysikk
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- PHYS261
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:Emnet gir brei kjennskap om oppbygginga av atom og molekyl og korleis dei vekselverkar med elektromagnetiske felt.
Innhald: Kurset skildrar atomet sine grunnleggjande kjenneteikn og oppbygging frå ikkje-relativistisk til relativistisk teori og frå eit- og to-elektron system til oppbygginga av det periodiske system. Kurset omhandlar også struktur og kjenneteikn til enkle molekyl. Sentralt i emnet er teori for vekselverknaden mellom atom (molekyl) og elektromagnetiske felt. Kursorisk diskuteras ei rekke andre fenomen avhhenig av studentane sin bakgrunn og interesse. Eksemplar er kollisjonar, stoppe evne, tunnellering og Auger effekt.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten har kunnskap om:
- struktur og dynamikk til atom og enkle molekyl
- korleis atom og molekyl vekselverkar med elektromagnetiske felt
- oppbygginga av det periodiske systemet, fleir-elektron og relativistiske effektar
Ferdigheiter
Studenten kan:
- bruke fysikk og matematikk til å løyse schrödinger- og diraclikninga for hydrogen og hydrogenliknande atom
- skildre kvalitativt fleir-elektron og molekyl sin oppbygging og kjenneteikn, samt skildre sentral kvantemekanisk løysingsmetodikk.
- bruke kvantemekanikk til å rekne ut storleikar knytt til atom og molekyl si oppbygging, emisjon og absorpsjon av stråling.
Generell kompetanse
Studenten kan:
- forklare folk flest korleis den grunnleggjande materien er bygd opp og responderer på stråling.
- forklare korleis atomere prosesser ligg til grunn for og påverkar fenomen rundt oss og anvendes i teknologi,
- gje praktiske eksempel knytt til atom og stråling, som farger, drivhuseffekt, fotosyntese og stråling frå mobiltelefonar