Bacheloroppgåve i fysikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Emnekode
- PHYS299
- Undervisningsspråk
- Norsk, kan tilretteleggast for engelsk ved behov
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Studenten får praktisk erfaring med forsking som prosess og arbeidsmetode. Studenten vil planlegge, gjennomføre, formidle eit samarbeidsbasert forskningsprosjekt og gje tilbakemeldingar på eige og andre sitt arbeid. Studenten utviklar ei betre forståing av forskingas eigenart og bidrag i samfunnet.
Innhald:
Studenten vil gjennomføre eit lite forskingsprosjekt i samarbeid med ein medstudent. Prosjektet blir gjennomført i ei forskingsgruppe under fagleg rettleiing, og temaet blir valt i samråd med kursleiar. Det skal skrivast ein prosjektrapport (gruppearbeid). Problemstilling og resultat skal formidlast på ein fagleg plakat i ein postersesjon (gruppearbeid). Arbeidet får fagleg tilbakemelding frå medstudentar (fagfellevurdering) og rettleiar. Studentane deltar i felles samlingar for å utvikle sine faglege og overførbare ferdigheiter.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskapar om forskingsetiske normer, retningslinjer og god praksis i fagfeltet
- kan setje seg grundig inn i ei ny problemstilling i fysikk og relevante arbeidsmetodar
- kan forklare prinsippa bak og formålet med dei forskingsaktivitetane som inngår i prosjektet
- kan plassere eigne data og funn i ein fagleg kontekst
Ferdigheiter
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre og rapportere resultat frå ei forskingsoppgåve i tråd med fagets standardar
- kan finne, samanfatte og bruke faglitteratur som er relevant for prosjektet
- kan forklare og begrunne korleis resultata i prosjektoppgåva kan tolkast og vurderast
- kan vurdere eigne resultat opp mot ny kunnskap i fagfeltet og gje tilbakemelding på medstudentar sitt arbeid
Generell kompetanse
Studenten
- utviklar fagleg identitet, rolleforståing og forståing for forskingas eigenart og bidrag i samfunnet
- kan samarbeide med andre i eit forskingsfellesskap og sikre framdrift av eit definert prosjekt
- kan kommunisere eige arbeid og resultat gjennom rapportar og på faglege plakatar og etter standardiserte malar
- kan bruke kunnskapar i fysikk til kritisk tenking, ansvarleg refleksjon og fagleg tilbakemelding
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Godkjent prosjektmappe i skriftleg format som inneheld fylgjande:
- Ei prosjektbeskriving
- Ein prosjektrapport i vitskapleg format
- To skriftlege tilbakemeldingar på andre sine rapportar
- Ein fagleg plakat som formidlar eigne resultat
- Tilbakemelding på andre studentar sin plakat/plakatpresentasjon
Alle elementa må være godkjent for å få karakteren bestått i emnet