Russisk språk og språkvitskap
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- RUS240
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk, russisk og evt. engelsk ved behov.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
RUS240 har som mål 1) at studentane gjennom ei språkvitskapleg tilnærming får god innsikt i strukturen i utvalde emne i russisk språk, og 2) at dei får ei forståing av språket sin plass og rolle i eit språkleg, så vel som samfunnsrelatert perspektiv. Dei vil òg 3) få kunnskapar om omsetjingsteori og skrivekonvensjonar og vidareutvikla dugleiken sin i skriftleg russisk gjennom omsetjingar og andre skriftlege øvingar. 4) Utdjupa dugleiken sin i munnleg russisk.
RUS240 dannar eit godt fundament for vidare studium i russisk.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten
- har gode kunnskapar og utdjupa innsikt i utvalde grammatiske emne
- har utdjupa innsikt i russisk lydlære, setningsbyggjing, ordbøying og orddanning
- god kjennskap til russiske skrivekonvensjonar og til grunnleggjande omsetjingsteori
Ferdigheiter:
Studenten
- er i stand til å analysere russisk språkstruktur og gjere greie for russiske grammatiske emne i samanlikning med norsk.
- har djupare innsikt i eit språkvitskapleg omgrepsapparat og analyse.
- kan omsetje middels vanskelege tekstar innan ulike sjangrar frå norsk til russisk
- kan utforme sjølvstendige, resonnerande tekstar på russisk og dermed vise at ein meistrar den teoretiske grammatikken i praksis.
- kan setje russisk standardspråk i eit lingvistisk, historisk og sosialt-politisk perspektiv.
- har vidareutvikla den generelle dugleiken i russisk og er i stand til å presentere og drøfte problemstillingar knytte til pensum på russisk munnleg.
Generell kompetanse:
Studenten
- er godt budd på eit masterstudium i russisk, men òg i stand til å kunne vidareutvikle kunnskap og dugleik i disiplinen på sjølvstendig vis.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga går normalt over eit heilt semester med 6-8 timar i veka. Undervisningstilbodet omfattar teori, øvingar og skriftleg og munnleg russisk. Undervisningsforma vil vere førelesningar, øvingar og kollokvietimar og gjennomgang av skriftlege omsetjingar norsk-russisk og andre skriftlege arbeid.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
1) Oppmøte til minst 70% av førelesingane.
2) Oppmøte til minst 70% av undervisninga i munnleg russisk.
3) Innlevering av minst 70% av innleveringsarbeida (omsetjingar, eksamensoppgåver m.fl.)
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.
Vurderingsformer
Skriftleg skuleeksamen på 6 timar og munnleg eksamen.
Skriftleg eksamen omfattar oppgåver om russisk språk og språkvitskap og ei omsetjing av ein ukjent tekst frå norsk til russisk.
Munnleg eksamen finn normalt stad kring ei veke etter skriftleg eksamen.
Ved fastsetjing av samla karakter for emnet tel skriftleg eksamen 70% og munnleg eksamen 30%. Ein må ha ståkarakter i alle vurderingsdelane for å få ståkarakter i heile emnet.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Utvalde emne frå ein høveleg grammatikk, supplert med språkvitskapleg litteratur, eit kompendium i lydlære, diverse støttemateriale og øvingar, og eit hefte med oppgåver i skriftleg russisk.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.