Sosialt liv i globalt perspektiv
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- SANT102
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
I sosialantropologien står studiet av menneske sitt sosiale liv sentralt; korleis ein organiserer slektsgrupper, familie, ekteskap, vennskap og andre nære relasjonar. Historisk har faget i hovudsak skilt mellom to typar samfunn: på den eine sida samfunn kor slektskap er sjølve utgangspunktet for alle institusjonar, og på den andre, samfunn kor slektskap er underordna andre institusjonar, til dømes arbeidsplassen, kyrkja eller staten.
I det første tilfellet vil studiet av slektskap vere heilt sentralt for å forstå alt sosialt liv: økonomi (til dømes fordeling av ressursar), politikk (til dømes kven som har leiarverv) og religion og tro (til dømes korleis mennesket og verda er skapt). I det siste tilfelle er slektskap noko heilt anna enn i det første tilfelle, men likevel eit sentralt system for mellom anna å ivareta nære relasjonar, reproduksjon og sosialisering.
Eit heilt sentralt spørsmål i analyser av sosialt liv er difor: Kva er slekt? Korleis blir nære, sosiale relasjonar skapt? Kurset gir ein kritisk gjennomgang av korleis slektskap som primær sosial relasjon har blitt forstått, og korleis antropologiske studiar har hatt ein tendens til å leggje våre eigne kulturelle modellar til grunn for analysen av andre måtar å forstå slektskap på. I kurset samanliknar vi ulike måtar å skape slekt på; gjennom kroppslege substansar, reproduksjon, det åndelege, teknologi med meir. Vi diskuterer korleis analyser av slekter kan opne for nye måtar å forstå fundamentale spørsmål som kva mennesket er, kva kjønn er, og korleis sosialt liv blir forma og utvikla. Emnet vil ta utgangspunkt i etnografiske skildringar av sentrale førestillingar og praksisar som kjønn, reproduksjon, død, ekteskap, kjærleik, familie, hushold, vennskap, nettverk, og betydninga av biologi og nye re-produksjonsformer.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten skal
- ha oversikt over sosialantropologiske teoriar, metode, faghistorie og eigenart knytt til studiet av slektskap, ekteskap, vennskap og reproduksjon
- ha brei kunnskap om ulike kulturelle praksisar og forståingar på ei rekkje livsområder knytt til etablering og utvikling av sosial organisasjon, familie og hushald
Ferdigheter
Studenten skal
- kunne gjere greie for ulike analytiske perspektiv på kva slektskap er og korleis slektskap har blitt studert både faghistorisk og i nyare studiar
- kunne reflektere over samanhengen mellom perspektiv på kva slektskap er og omgrep knytt til kjønn, person og samfunn
- kunne gjere greie for sentrale antropologiske debattar om samanhengar mellom materielle vilkår og symbolske dimensjonar knytt til slektskap, ekteskap og vennskap
- kunne anvende antropologisk kunnskap, omgrep og perspektiv på konkrete, empiriske kasus som gjeld organiseringa av sosialt liv i relasjon til kulturelle, økonomiske og økologiske moglegheiter og rammer
- kunne reflektere over fagetiske problemstillingar som er relevante for tematikken i emnet
Generell kompetanse
Studenten skal
- kunne anvende sosialantropologiske omgrep og perspektiv i forståinga av slektskap, ekteskap, hushald og vennskap
- kjenne til hovudtrekka i kvalitativ metode og kan reflektere over desse
- kunne lese og skrive akademiske tekstar innanfor fagspesifikke sjangrar
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar, arbeidsgrupper, skriveseminar, tilbakemelding på skriftleg arbeid, etnografisk film.
3-4 timer forelesing pr. veke
7-8 veker, ca. 26 timer forelesning
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
5 dagers heimeeksamen: essay på 2000-3000 ord.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).
Kontinuasjonseksamen
I dette emnet tilbys ordinær eksamen i begge semestre.
Studenter som oppfyller kravet til kontinuasjonseksamen (ihht. UiB-forskriften § 5-6) henvises til neste ordinære eksamen.