Slektskap, kjønn og sosialt liv
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester Vår
- Emnekode
- SANT106
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
I sosialantropologien står studiet av menneskjer sine sosiale liv sentralt; korleis ein organiserer slektskapsrelasjonar, familie og ekteskap. Historisk har faget i hovudsak skilt mellom to typar samfunn: på den eine sida samfunn kor slektskap er sjølve utgangspunktet for alle institusjonar, og på den andre, samfunn kor slektskap er underordna andre institusjonar, til dømes arbeidsplassen, kyrkja eller staten.
I det første tilfellet vil studiet av slektskap vere heilt sentralt for å forstå alt sosialt liv: økonomi (til dømes fordeling av ressursar), politikk (til dømes kven som har leiarverv) og religion og tro (til dømes korleis mennesket og verda er skapt). I det siste tilfelle er slektskap noko heilt anna enn i det første tilfelle, men likevel eit sentralt system for mellom anna å ivareta relasjonar, reproduksjon og sosialisering.
Eit heilt sentralt spørsmål i analyser av sosialt liv er difor: Kva er slekt? Korleis blir sosiale relasjonar skapt? Kurset gir ein kritisk gjennomgang av korleis slektskap som primær sosial relasjon har blitt forstått, og korleis antropologiske studiar har hatt ein tendens til å leggje våre eigne kulturelle modellar til grunn for analysen av andre måtar å forstå slektskap på. I kurset samanliknar vi ulike måtar å skape slekt på; gjennom kroppslege substansar, reproduksjon, det åndelege, teknologi, med meir. Vi diskuterer korleis analyser av slektskap kan opne for nye måtar å forstå fundamentale spørsmål som kva mennesket er, kva kjønn er, og korleis sosialt liv blir forma og utvikla. Emnet vil ta utgangspunkt i etnografiske skildringar av sentrale førestillingar og praksisar som kjønn, reproduksjon, død, ekteskap, kjærleik, familie, hushold med meir.
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten skal
- ha oversikt over sosialantropologiske tilnærmingar knytt til studiet av slektskap, ekteskap og kjønn
- ha brei komparativ etnografisk kunnskap om korleis ulike forståingar knytta til slektskap, ekteskap og kjønn blir utforma og praktisert.
Ferdigheter
Studenten skal
- kunne anvende sosialantropologiske omgrep og perspektiv i forståinga av slektskap, ekteskap, kjønn og sosialt liv
- kunne gjere greie for ulike analytiske perspektiv på kva slektskap er og korleis slektskap har blitt studert både faghistorisk og i nyare studiar
- kunne reflektere over samanhengen mellom perspektiv på kva slektskap er og omgrep knytt til kjønn, person og samfunn.
Generell kompetanse
Studenten skal
- kunne anvende antropologisk kunnskap, omgrep og perspektiv på relevante etnografiske eksempel
- kunne lese og skrive akademiske tekstar innanfor komparative studiar av sosialt liv.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar, arbeidsgrupper, skriveseminar, tilbakemelding på skriftleg arbeid, etnografisk film.
2-6 timer undervisning pr. veke
7- 10 veker, ca. 20 timer forelesning
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
6 timers skoleeksamen.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.