Spansk grammatikk I

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet gjev en grundig innføring i moderne spansk grammatikk med vekt på spanskamerikanske variantar av språket.

Læringsutbytte

 Kunnskap:

Kandidaten

  • har kunnskap i moderne spansk grammatikk.
  • kan bruka fagleg kunnskap på teoretiske og praktiske problemstillingar i spansk grammatikk.

Dugleik:

Kandidaten

  • har djupare forståing for det spanske grammatiske systemet i høve til norsk.
  • har oppnådd større innsyn i spanskamerikanske variantar av det spanske språket.

Grunnkompetanse:

Kandidaten

  • kan analysera fagstoff og trekkja eigne slutningar.
  • kan vidareutvikla sin kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på spansk og føreset gode spanskkunnskapar.
Anbefalte forkunnskaper
Spansk innføringskurs eller spanskkunnskapar på språknivå 2 frå vidaregåande skule. Det er ein føremon å ha gjennomført EXFAC00SK Språk og Kommunikasjon.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB, og for lærarstudentar som har fått opptak gjennom samarbeidsavtale med Høgskulane i UH-nett Vest.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

 Det er ei obligatoriske oppgåve om utvalde tema frå pensum. Denne må utførast innan fristen for aktiviteten. Oppgåva vurderast til godkjent/ikkje godkjent.

I samsvar med UiB sitt grads- og studiereglement har studentane høve til å få eit nytt forsøk per oppgåve, om ei eller fleire av dei ikkje vart godkjende ved fyrste innlevering. Oppgåva må vera godkjend før ein kan gå opp til endeleg vurdering i emnet.

Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige i eitt semester etter undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

 Vurderingsforma i emnet er ein avsluttande skuleeksamen på 4 timar.

Studentane kan nytta eittspråkleg og tospråkleg (t.d. norsk-spansk/spansk-norsk) ordbok godkjend av instituttet på eksamensdagen. Studentane må sjølve ta med ordbøker til eksamen, og halda seg orienterte om og retta seg etter reglane som gjeld for kontroll av ordbøkene.

Karakterskala
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Litteraturliste
Pensum er i hovedsak ein referansegrammatikk.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.