Livsforsikringsmatematikk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gje ei brei innføring i teori og teknikk for livsforsikringsmatematikk. Det gir eit godt grunnlag for bruk i livsforsikringsbransjen og trygdevesenet.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • Kjenne den elementære rentelæra. Kunne rekne med dei ulike typa lån: fastlån, serielån og annuitetar.
  • Kjenne dødlighetsteori: hasardfunksjon, attståande levetid og standard levetidsfordelingar, og selekt dødeligheit.
  • Forsikring på ett og fleire liv: opplevingsforsikring, dødsrisikoforsikring og kombinasjonen: vanlig livsforsikring. Fastetting av premie ut fra ekvivalensprinsippet.
  • Rekne ut dei ulike slag kostnader knytt til forsikringa.
  • Utleie Thieles differensiallikning for ulike livsforsikringar.
  • Rekne ut sikkerheitspåslag og ulike slag bonus tilbakeføringar.

Undervisningssemester

Annankvar vår, jamne årstal.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatoriske øvingar. (Gyldige i to semester: (Gyldig i to semester: inneverande + hausten etter)
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen på 4 timar. Tillatne hjelpemiddel: Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Eksamen vert gitt høgst ein gong i året
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.