Etikk i kunstig intelligens

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Kurset dekker tverrfaglege aspekt av kunstig intelligens (KI), spesifikt korleis KI-metodar og system samverkar med menneske, samfunn, lovgjeving og økonomi. Det dekker eit utval av desse områda: forklårleg KI (XAI), rettferd, pålitelege algoritmar og tillit (FAT), kunstig moral og ansvarleg bruk av KI. Kurset tilbyr også praksis i formidling om KI-spørsmål.

Læringsutbytte

Ein student som har fullført kurset skal ha oppnådd desse læringsmåla, definert gjennom oppnådd kunnskap, ferdigheiter og allmenn kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten kan

  • Identifisera og beskrive omgrepa skeivheit, tillit, rettferd, forklaring, likskap og myndeggjering i samband med kunstig intelligens.
  • Kan skilje mellom delområde av KI- etikk, utfordringane dei handlar om, og deira tilknyting til samfunnsvitskap og humaniora.
  • Er kjend med nasjonale og internasjonale retningsliner for ansvarleg bruk av KI.

Ferdigheiter

Kandidaten kan

  • Evaluere om bruken av algoritmar i eit KI-system er ansvarleg.
  • Vurdere dei moglege samfunnsmessige og personlege verknadene av eit KI-system.
  • Nytte reiskap for å gje forklåringar av KI-algoritmar.
  • Nytte reiskap for å vurdere skeivheit i datasett og KI-algoritmar.

Generell kompetanse

Kandidaten kan

  • Forstå og kommunisere dei etiske og sosiale konsekvensane av KI til eit generelt publikum.

Studiepoeng, omfang

10 ECTS

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Kurset er ope for studentar med studierett ved UiB. Kurset har 60 plassar. Studentar som har kurset som ein obligatorisk del av deira studieprogram (det vil seie studentar i BASV-AIKI) vil ha første prioritet. Studentar ved dei følgjande studieprogramma har andre prioritet: BASV-INFO, BASV-IKT, BASV-KOGNI, BASV-MIX, bachelorprogram ved Institutt for informatikk, og bachelorprogram ved Institutt for matematikk.

Studentar i andre program vil ha tredje prioritet.

Søknadsfrist: onsdag i veke 33.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar, seminar og datalaboratorium, normalt 2 + 2 timer per veke, i 12-15 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det vil vere obligatoriske oppgåver som må være fullført og godkjent. Obligatorisk deltaking: aktiv deltaking i seminar og datalaboratorium (minimum 75%). Godkjente obligatoriske krav er gyldig i dei to følgjande semester.  

Vurderingsformer

Vurderinga har to deler:

  • Skriftleg eksamen (80%)
  • Individuell oppgåve (20%)

Begge delane av vurderinga må bli godkjent i same semester.

Karakterar for kvar del av vurderinga blir publisert i Studentweb.

Eksamensoppgåvene blir gitt i det språket som blir nytta i undervisninga. Kandidatane må gje eksamenssvara på same språk som oppgåvene.

Karakterskala

Karakterane frå A ned til E gjer bestått, mens F er ikkje bestått.

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær etter UiBs studieforskrift § 5-5.

Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråvær, kan studentar med følgjande resultat/fravær og melde seg:

Avbrot under eksamen

Stryk/ikkje bestått

Studentar kan etter 15. januar/1. august melde seg opp sjølv i studentweb.

Litteraturliste

Litteraturlista for haustsemesteret vil vere klar før 1. juli.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Hjelpemiddel til eksamen

Skriftleg eksamen: Dictionary førehandsgodkjent av fakultetet

Programansvarlig

The Programme Committee is responsible for the content, structure and quality of the study programme and courses.  

Administrativt ansvarlig

The Department of Information Science and Media Studies at the Faculty of Social Sciences has the administrative responsibility for the course