Cellebiologi og genetikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- BIO103
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Målet for emnet er å utvikle kunnskapar og dugleik hjå studentane innan cellebiologi og genetikk gjennom ein kombinasjon av teoretisk læring, praktisk laboratorietrening, skriving av laboratorie-journal og presentasjonar. Emnet skal gje oversikt over korleis ein kan studere celler, korleis eukaryote og prokaryote celler er bygde opp og fungerer, korleis celler haustar energi, deler seg og kommuniserer. Vidare skal det gje studentane forståing av korleis genetiske eigenskapar vert førte vidare frå foreldre til avkom, kva gener er, korleis DNA er bygd opp og organisert, korleis informasjon vert overført frå DNA til RNA og til proteiner, og korleis uttrykk av genar er regulert.
I tillegg til teoretisk undervisning i form av førelesningar vert det eit laboratoriekurs og mykje gruppeaktivitet. Målet er å gje studentane erfaring i praktisk laboratoriearbeid og tryggleik på laboratoriet. Andre viktige mål er å etablere eit fagleg og sosialt miljø blant studentane, og gi dei trening i skriftleg og munnleg kommunikasjon og presentasjon.
Læringsutbyte
Etter fullført emne skal studentane ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
- Forstå den kjemiske basisen for liv, kjenne struktur og funksjon til dei viktigaste molekylære byggjesteinane og vere fortrolige med korleis, når og kor biomolekyl påvirker kvarandre.
- Kunne forklare og samanlikne organiseringa av prokaryote og eukaryote celler, og den rolla ulike sub-cellulære organellar spelar i biologiske prosessar.
- Kunne gjere greie for metabolisme, energiomsetning, katabolisme, biosyntese og korleis desse prosessane er organiserte med omsyn til cellulære strukturar.
- Kunne gjere greie for det mekanistiske grunnlaget for cellekommunikasjon.
- Demonstrere grunnleggjande forståing for mitose og korleis celler går gjennom cellesyklus og deler seg.
- Kunne forklare både ukjønna og kjønna livssyklus, inkludert meiosen.
- Kunne forklare Mendels lovar og ideen om genar og genetisk arv, i tillegg forstå korleis genom evolverer.
- Kunne forklare korleis informasjon vert overført frå genar til RNA og vidare til protein, og korleis uttrykk av genar vert regulert.
- Vise kunnskap om ekstrakromosomale genetiske element (virus, plasmidar) og korleis dei formeirar seg og vert overførte frå celle til celle.
- Ha kjennskap til genom redigering og etiske spørsmål knytta til dette.
- Kunne forklare grunnleggjande cellulære og molekylære mekanismar som styrar fosterutvikling hjå dyr.
Ferdigheiter:
- Ha ferdigheiter i praktisk laboratoriearbeid og kunnskap om tryggleik på laboratoriet.
- Kunne grunnleggjande mikroskopteknikk for å observere fenotypiske trekk hjå dyr.
- Kunne analysere og tolke eksperimentelle data.
- Utføre grunnleggjande bioinformatiske analyser.
- Kunne utforme og skrive ein vitskapleg rapport etter IMRAD-formatet (innleiing, materiale og metode, resultat og diskusjon) basert på eigne resultat.
Generell kompetanse:
- Kunne og forstå prinsippa for rapportskriving etter IMRAD-formatet, og kunne bruke desse i utforming av rapportar frå labøvingar.
- Kunne lese og forstå vitskaplege tekstar.
- Kjenne til og forstå viktigheita av kjeldekritikk, referering og fagfellevurdering.
- Kunne gje ei klar og konsis vitskapleg presentasjon til ei fagkyndig forsamling.
- Kan samarbeide med medstudentar om aktiv læring i undervisning, kollokviegrupper og laboratorieøvingar.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Vår.
Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved NT-fakultetet. Studentar som har emnet som obligatorisk emne i grada si har førsteprioritet på emnet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veke 3.
Det er obligatorisk oppmøte på første førelesing/orienteringsmøte, og du risikerer derfor å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første førelesing/orienteringsmøte må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første førelesing/orienteringsmøte finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Mappeevaluering:
- Labrapportar (30% av karakteren).
- Avsluttande skriftleg digital eksamen (70% av karakteren).
Karaktergrunnlaget frå rapportane og avsluttande eksamen er berre gyldige i det semesteret som dei blir gjennomført.
Studentar som tar opp igjen emnet i undervisningssemesteret (vår)
Studentar med godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet frå tidlegare semester skal berre ta avsluttande eksamen og resultatet av denne utgjer heile karaktergrunnlaget.
Studentar som tar opp igjen emnet i semester utan undervisning (haust)
Studentar med godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet kan ta eksamen og resultatet frå denne utgjer heile karaktergrunnlaget.