Bacheloroppgåve i Midtaustens historie
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Haust, Vår
- Emnekode
- HIM250
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Normalt undervisast emnet på norsk.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet er ein del av studieretninga Midtaustens historie, og utgjer den obligatoriske bacheloroppgåva i ei spesialisering i historie.
Emnet skal gi studentane djupare innsikt i historisk metode og i historiske problemstillinger gjennom sjølvstendig arbeid med ei historisk oppgåve, bacheloroppgåva. Tema for undervisninga vil kunne variera frå semester til semester. Instituttet
Trykk her for meir informasjon om det tematiske innhaldet i emnet
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Ved fullført emne skal studenten ha gode kunnskapar om og kjenne til historiografi og sentrale teoriar innan tematikken til bacheloroppgåva.
Ferdigheiter:
Studenten skal vise sjølvstendig evne til å utvikle, avgrense og formulere fruktbare historiske problemstillingar innan temaet. Studenten skal demonstrere ferdigheiter i å kartlegge kva forskingslitteratur og eventuelt kjelder som er relevant for problemstillinga. Vidare skal studenten demonstrere ferdigheiter i å analysere forskingslitteratur/kjelder, posisjonere forskingslitteraturen historiografisk og evne å trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette formidla i skriftleg arbeid.
Generell kompetanse:
Studenten skal ha grunnleggande kompetanse i å utvikle og gjennomføre eit lengre sjølvstendig skriftleg arbeid. Ved å få og gi skriftlege tilbakemeldingar til medstudentar skal studenten demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon. Gjennom bacheloroppgåva skal studentane vise sjølvstendig evne til å resonnere, syntetisere og dokumentere i faglege framstillingar.
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Krav til studierett
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Emnet har fire obligatoriske undervisningsaktivitetar:
1. Studenten har plikt til å møte/kontakte rettleiar i god tid før innlevering av prosjektskissa, jf. punkt 2.
2. Prosjektskisse for bacheloroppgåve. Skissa skal innehalde presentasjon av temaet, førebels disposisjon og utgreiing om relevant litteratur. Den er basis for diskusjon mellom lærar og studentar.
3. Utkast til bacheloroppgåve som vil verta diskutert og kommentert av lærar og studentar.
4. Skriftlege kommentarar til andre studentar sine arbeid. Det blir lagt vekt på konstruktiv kritikk og fagleg gode og sjølvstendige kommentarar.
Studenten må få godkjent alle fire aktivitetar før ein får gå opp til eksamen. Alle obligatoriske undervisningsaktivitetar må vere godkjent i same semester.
Fristane for innlevering av undervisningsaktivitetane blir kunngjort på Mi side ved starten av semesteret.
Vurderingsformer
Emnet har to vurderingsformer, ei rettleidd oppgåve (bacheloroppgåve) og ein munnleg eksamen.
Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på om lag 5000 ord og må ikkje overskrida 6000 ord.
Det blir nytta ein gradert karakterskala frå A til F for bacheloroppgåva.
Den munnlege prøva justerer karakteren på bacheloroppgåva, som maksimalt kan endrast med ein bokstavkarakter.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Emnet vert evaluert jamleg.