Datamaskinteori
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- INF210
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk. Norsk om kun norskspråklege studentar deltek
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Gje studenten innsikt i formelle modellar som ligg til grunn for datamaskinar.
Innhald:
Det blir gitt eit oversyn over metodar for generering og gjenkjenning av formelle språk (grammatikkar, automatar, Turingmaskinar) og deira forhold til mekanisk utrekning.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kan definisjonane av formelle språk, endelege automatar og Turingmaskinar,
- kan dei viktigaste teorema og tilhøyrande bevis om forholda mellom desse,
- kan rangere modellane med omsyn til uttrykkskraft, og
- kjenner til problem som aldri vil kunne løysast med ein datamaskin.
Ferdigheiter
Studenten
- beherskar formalismar for å definere formelle modellar for rekning,
- kan gjennomføre bevis om slike modellar.
Generell kompetanse
Studenten
- kan planleggje og løyse varierte arbeidsoppgåver innan temaet,
- kan formidle sentralt fagstoff som teorier, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer, og
- kan utveksle synspunkte og erfaringar med fagfolk og andre om fagområdet.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
I210: 10 SP
LING123 5 SP
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjende obligatoriske oppgåver.
Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
Mappevurdering. Mappa består av innleveringar og munnleg eksamen. Både innleveringar og munnleg eksamen må vere bestått då elementa testar emnet sitt læringsutbyte Vektinga blir kunngjort på Mitt uib ved semesterstart. Mappa kan på grunn av ikke-etterprøvbarheit ikkje klagast på.
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret. På første påfølgjande tidleg eksamen vert resultata frå resten av mappa vidareført.