Grunnleggjande reiskap for kodeteori og kryptografi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Målet med emnet er å legge grunnlag for avanserte emne i kodingsteori og kryptografi, eller for eit masterprosjekt på desse områda.

Innhald:

Emnet dekker ei samling av konsept og teoretiske resultat, grenser og teknikkar som er essensielle for å gjennomføra avanserte studiar og forsking i kodingsteori og kryptologi. Mellom desse temaene er

  • Endelege kroppar og deira bruk for å utforma feilkorrigerande kodar og kryptografiske primitiv
  • Løysa likningar over endelege kroppar
  • Polynom over endelege kroppar, og koplingar til lineære feedbackskiftregister
  • Boolske funksjonar og bruken av dei i kryptografi og kodingsteori

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten skal ha kunnskap om

  • Teorien for endelege kroppar brukt i kryptografi og kodingsteori,
  • Boolske funksjonar og bruksområda deira i kryptografi,
  • Grunnleggjande eigenskapar til lineære rekurrente sekvenser og feedbackskiftregister,
  • Grunnleggjande eigenskapar til lineære og sykliske kodar, inkludert kjente familier av feilkorrigerande koder som er dekte av emnet.

Ferdigheiter:

Studenten er i stand til å

  • Laga dataprogram ved hjelp av omgrep, datastrukturar og algoritmar dekte av emnet
  • Forklara og skapa bevis i kodingsteori og kryptografi

Generell kompetanse:

Studentene

  • er kjente med det matematiske grunnlaget for kryptografi og kodingsteori,
  • kan utveksla meininger med andre med relevant bakgrunn og delta i diskusjoner om emnet.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor / Master / PhD

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Grunnleggjande kunnskapar i diskret matematikk
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
I145: 10 SP
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert gitt i form av førelesningar og gruppeøvingar
Førelesningar: 2 timar pr. veke
Gruppeøvingar: 4 timar pr. veke
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjende obligatoriske oppgåver.

Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer
Digital skriftleg eksamen (3 timar). Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modeller angitt i fakultetets regler
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studieveileder@ii.uib.no
Administrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi v/ Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.