Metaheuristikkar
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- INF273
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet tar sikte på å gi oversikt over moderne (meta)heuristiske optimeringsmetodar som er eigna til å løyse praktiske optimeringsproblem.
Innhald:
Emnet tar for seg metaheuristiske optimeringsalgoritmar. Tema som blir dekka inkluderer heuristikkar og tilnærmingsalgoritmar, lokalsøk, simulert størkning, tabu-søk, genetiske algoritmar, maurkolonioptimering, partikkelsverm, søk i variabel omegn, adaptivt søk i stor omegn, hybride algoritmar og matematisk baserte heuristikkar. Emnet inneheld eit spekter av praktiske optimeringsproblem som casestudiar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
- Studenten har ei grunnleggjande forståing av korleis metaheuristikkar kan brukast for å finne gode løysinger for reknekrevjande optimeringsproblem.
- Studenten kjenner dei grunnleggjande eigenskapane til ulike metaheuristikkar.
Ferdigheiter
- Studenten er i stand til å implementere ein metaheuristikk på eit gitt problem.
- Studenten kan forklare fordelar og ulemper ved å leggke til ulike komponentar i ein metaheuristisk optimeringsalgoritme.
Generell kompetanse
- Studenten kan forklare for kva type problem, metaheuristikkar kan / bør brukast
- Studenten kan forklare skilnaden mellom intensivering og diversifisering i metaheuristisk samanheng
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt i form av førelesningar og gruppeøvingar.
Førelesing/ 4 timar pr. veke
Gruppeøving/ 2 timar pr. veke
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjente obligatoriske oppgåver og eit prosjekt.
Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i ett påfølgande semester etter godkjenninga.
Vurderingsformer
Følgjande vurderingsform:
- Munnleg eksamen