Masteroppgåve
Masteremne
- Studiepoeng
- 30
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- JUS399
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk, engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Masteroppgåva skal vere eit sjølvstendig arbeid, skriven under rettleiing, der studenten sjølv har ansvaret for framdrift og resultat.
Påmelding til emnet skjer i oktober for skriving om våren, og i mai for skriving om hausten. Ved påmelding skal studenten oppgi fagområde og problemstilling, og levere prosjektskisse for si masteroppgåve. Val av fagområde og problemstilling er styrande for plassering i faggruppe og tildeling av rettleiar, og er såleis bindande etter at fakultetet har inngått avtale med rettleiar. Problemstillinga kan likevel avgrensast og tilpassast i ettertid, dersom endringane blir gjort i samråd med oppnemnt rettleiar og ikkje føreset byte av rettleiar.
I god tid før påmeldingsfristen går ut, arrangerer fakultetet eit orienteringsmøte om masteroppgåveemnet. Orienteringsmøtet blir etterfølgd av ei rekkje fagmøte, der dei fagansvarlege informerer om sine respektive fagområde og der studentane kan ta opp moglege problemstillingar som dei vurderer å skrive om.
Fagområda som studentane kan velje mellom, er organisert i følgjande faggrupper:
- Dynamisk tingsrett, panterett og konkursrett
- Strafferett, internasjonal strafferett og straffeprosess
- Arbeidsrett og diskrimineringsrett
- Arverett og familierett
- Erstatningsrett og forsikringsrett
- Klima-, energi- og miljørett
- Forvaltningsrett og velferdsrett
- Immaterialrett
- Konkurranserett, statsstøtterett og offentlege anskaffingar
- Avtalerett og obligasjonsrett
- Statsrett, folkerett og menneskerettar
- Sivilprosess og konfliktløysing
- Rettskultur, rettsfilosofi og metode
- Selskapsrett
- Skatterett
- Tingsrett, kommunalrett, planrett og miljørett
- Fire fridommar, og institusjonell og metodisk EU- og EØS-rett. Personvern
- Barnerett
Særleg om gruppearbeid
Masteroppgåva kan skrivast som gruppearbeid av to studentar. Søknad om gruppearbeid må leverast ved påmelding, av begge studentane. Begge må oppgi namnet på den ein ønskjer å skrive saman med og levere likelydande prosjektskisser. Prosjektskissa må vise at prosjektet er veleigna for gruppearbeid. Av skissa må det også gå fram korleis studentane har tenkt å løyse utfordringar som oppstår dersom samarbeidet ikkje varer fram til levering.
Søknaden blir behandla av den emneansvarlege. Dersom prosjektet blir vurdert som realistisk og veleigna, vil fakultetet prøve å finne rettleiar. Dersom fakultetet finn rettleiar, blir søknaden innvilga. Dersom prosjektet ikkje blir vurdert som realistisk og veleigna, eller fakultetet ikkje lykkast med å finne rettleiar, blir det gitt ein ny, kort frist for å levere ny prosjektskisse - enten saman eller individuelt.
Sjå nærmare om sensur av gruppearbeid under «Vurderingsformer».
Læringsutbyte
Kunnskapar
Studenten skal tileigne seg
- avansert materiell kunnskap innanfor det fagområdet masteroppgåva omhandlar
- avansert kunnskap om metode og særskilte metodiske utfordringar på fagområdet
- avansert kunnskap om grunnleggande vitskapsideal, under dette krav til kjeldetilvisingar og respekt for andre sine arbeid
- kunnskap om etiske spørsmål innan fagområdet.
Ferdigheiter
Studenten skal vere i stand til å
- identifisere problemstillingar som er eigna for analyse i ei rettsvitskapeleg masteroppgåve
- formulere problemstillingar, argumentasjon og konklusjonar på ein presis måte
- analysere problemstillingar på ein sjølvstendig måte og i samsvar med faglege ideal
- orientere seg i tilfanget av kjelder, finne relevante kjelder og skilje kjelder med akademisk tyngde frå andre
- skilje mellom rettsdogmatiske analysar og andre analyser i rettsvitskapeleg arbeid (historiske, teoretiske mfl.)
- vurdere gjeldande rett og drøfte behov for endringar
- skrive ei sjølvstendig framstilling med ein ryddig struktur.
Generell kompetanse
Studenten skal etter gjennomført masteroppgåve
- kunne planlegge og gjennomføre eit større juridisk arbeid innan ein gitt frist
- kunne formidle omfattande sjølvstendige arbeid på ein ryddig og presis måte
- kunne ta imot tilbakemeldingar på eige arbeid og nyttiggjere seg slike tilbakemeldingar
- kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter på nye rettsområde og bidra til løysing av nye problem
- kunne gi rettleiing om spørsmål som juristar kan greie ut i tverrfagleg samarbeid.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
I løpet av masterprogrammets femte år skal studenten levere eit sjølvstendig skriftleg arbeid tilsvarande 30 studiepoeng. Etter søknad kan masteroppgåva vere gruppearbeid.
MA-nivå
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir gitt på norsk.
Undervisningsopplegget for studentar som skriv masteroppgåve blir gjennomført kvart semester. Dette inneheld førelesingar i kombinasjon med oppgåveløysing og diskusjon, og omhandlar mellom anna rettskjeldesøk, forskingsetiske retningslinjer og tekstkvalitet. Fakultetet fasiliterer også etablering av studentstyrte kollokviegrupper, som får innspel til opplegg for eit avgrensa tal kollokvium.
Studentane har rett til 11 timar individuell rettleiing under arbeidet med masteroppgåva. Studentar som skriv masteroppgåve som gruppearbeid får til saman 22 timar rettleiing. Timetalet omfattar tida som rettleiaren bruker til lesing og godkjenning av prosjektnotat, lesing av utkast, utarbeiding av kommentarar, telefonkontakt, korrespondanse og samtale med studenten/studentane. Sensur av masteroppgåver føreset at oppgåva er skriven under rettleiing. I så måte har studenten også plikt til å ta imot rettleiing. Det er studentens eige ansvar å oppsøke og nyttiggjere seg rettleiing, og studenten kan ikkje krevje at rettleiaren legg til rette for fjernstudium i skrivesemesteret.
Normalordninga er at studenten får tildelt rettleiar av fakultetet. Eksterne rettleiarar må godkjennast av fakultetet. Sjå fakultetets nettside om vilkår og retningslinjer for slik godkjenning.
Sjå også under "Obligatorisk undervisningsaktivitet" like nedanfor.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Innlevering av prosjektskisse og prosjektnotat
Ved påmelding til masteroppgåve skal studentane oppgi fagområde og problemstilling, og levere prosjektskisse skriven etter ein gitt mal.
Innan ein oppgitt frist ved semesterstart i skrivesemesteret, skal studentane levere prosjektnotat skrive etter ein gitt mal på minst 1500 ord pluss kjeldeliste. For gruppearbeid er tilsvarande nedre ordgrense for prosjektnotatet på 3000 ord. Prosjektnotatet skal godkjennast av rettleiaren. Underkjent prosjektnotat må omarbeidast og leverast innan ein ny kort frist, og godkjennast av rettleiaren.
Mal for prosjektskisse og prosjektnotat er publisert på Mitt UiB (krev pålogging).
Skriving under rettleiing
Sensur av masteroppgåva føreset at oppgåva er skriven under rettleiing. Det å ta imot rettleiing er såleis eit obligatorisk arbeidskrav. Arbeidskravet er ikkje oppfylt dersom studenten ikkje har tatt kontakt med rettleiaren eller vore utilgjengeleg for rettleiaren, har latt vere å oversende tekst til rettleiaren eller på anna grunnlag må reknast for ikkje å ha tatt imot rettleiing. At studenten har vald ikkje å følgje rettleiaren sine faglege råd, inneber ikkje at rettleiing ikkje er tatt imot.
Rettleiinga skal avgrensast til eitt semester, med mindre noko anna er særskilt avtalt, eller det er særlege grunnar til at arbeidet med masteroppgåva har tatt lengre tid.
Fristar for påmelding, levering av prosjektnotat med meir:
Skrivesemester haust:
- 15. mai - påmelding og levering av prosjektskisse og eventuell søknad om gruppearbeid
- uke 34 (torsdag) - innleveringsfrist prosjektnotat
- uke 37 (torsdag) - innlevering nytt prosjektnotat (dersom 1. versjon blei underkjent)
- 10. november - studentane stadfestar innlevering av masteroppgåve
Skrivesemester vår:
- 15. oktober - påmelding og levering av prosjektskisse og eventuell søknad om gruppearbeid
- uke 3 (torsdag) - innleveringsfrist prosjektnotat
- uke 6 (torsdag) - innlevering nytt prosjektnotat (dersom 1. versjon ble underkjent)
- 10. april - studentane stadfestar innlevering av masteroppgåve
Sjå nedanfor om frist for innlevering av masteroppgåve.
Etter påmelding til emnet, vil fakultetet opprette vurderingsmelding; studenten kan ikkje sjølv vurderingsmelde seg. Studenten må semesterregistrere seg som normalt (frist 1. september for haustsemesteret og 1. februar for vårsemesteret).
Sjå også Masteroppgave ved Det juridiske fakultet og Instruks for veiledning og sensur for masteroppgavene JUS399 og JUS396.
Vurderingsformer
Masteroppgåva blir sensurert av to sensorar og gitt karakter frå A til E for greidd eller F for ikkje greidd.
Munnleg prøve blir gjennomført dersom sensorane finn grunn til det. Begge sensorane eksaminerer studenten i temaet som oppgåva gjeld eller tema som har tilknyting til det oppgåva gjeld. Munnleg prøve kan også brukast for å kontrollere at oppgåva er eit sjølvstendig arbeid frå studenten, under dette gjennom spørsmål knytt til studentens rettskjeldesøk og metodiske tilnærming. Eventuell munnleg prøve blir gjennomført digitalt.
Studentar som har fått godkjent masteroppgåve (karakteren A-E), kan ikkje levere denne eller ei anna oppgåve til ny vurdering. Studentar som har fått vurdert ei innlevert masteroppgåve til F, kan berre levere masteroppgåve til ny vurdering dersom oppgåva tar opp ei anna problemstilling eller er ein vesentleg omarbeidd versjon av den tidlegare innleverte oppgåva. Fakultetet gir inntil ti timer ekstra rettleiing etter søknad. Den emneansvarlege avgjer om det skal oppnemnast ny rettleiar.
Sjå også Krav til skriftlige arbeider på masterprogrammet i rettsvitenskap ved UiB og Instruks for veiledning og sensur for masteroppgavene JUS399 og JUS396.
Særleg om gruppearbeid
Masteroppgåver levert som gruppearbeid blir sensurert under eitt til éin felles karakter.
Ved eventuell munnleg prøve, skal sensorane sørgje for at begge studentane blir eksaminert. Endeleg karakterfastsetting skal bygge på ei samla vurdering av studentane sine munnlege prestasjonar (solidarsensur).
Sensurklage kan leverast individuelt. Eventuell endring av karakter gjeld berre for den som har klaga. Dersom berre éin av studentane har klaga, kan den andre studenten tre inn i klaga innan éi veke etter at første student leverte klage sjølv om oppsett klagefrist er gått ut.
Språk og ordgrense
Masteroppgåva kan skrivast på norsk eller engelsk.
Rettleiande ordgrense er 12 000 ord. Oppgåver over 15 000 ord blir ikkje sensurert. For oppgåver levert som gruppearbeid er rettleiande ordgrense 21 000 ord, og oppgåver over 26 250 ord blir ikkje sensurert.
Fot- og sluttnotar skal reknast med i ordgrensa. Framside, innhaldsoversyn, register og litteraturliste skal ikkje reknast med i ordgrensa. Masteroppgåva skal ikkje ha føreord og skal i utgangspunktet ikkje leverast med vedlegg. Vedlegg kan leverast dersom dette er nødvendig for å skildre bruk av kunstig intelligens eller dersom oppgåva bygger på kjelder som ikkje er allment tilgjengeleg. Slike vedlegg skal haldast utanfor ordgrensa. Oppgåver som blir avvist som følgje av at ordgrensa er overskriden, må omarbeidast og leverast eit seinare semester. Det blir ikkje gitt ekstra rettleiingstimar ved slik omarbeiding.
Innlevering av masteroppgåve
Masteroppgåva skal leverast elektronisk i Inspera. Innlevert oppgåve skal vere anonymisert, paginert og framsida skal opplyse om tittel på oppgåva, kandidatnummer og ordtal, inkludert fot- og sluttnotar.
For innlevering av oppgåva gjeld følgjande fristar:
- Skrivesemester haust: 10. desember.
- Skrivesemester vår: 10. mai.
Sjå også Masteroppgave ved det juridiske fakultet.