Ellevte semester medisinstudiet
Masteremne
- Studiepoeng
- 27
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- MED11
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
«Det vanlege og det som hastar» er sett som overskrift på MED11 der allmennmedisin er største tema.
Gjennom undervising i teori, 6-vekers praksisperiode i kommunehelsetenesta og deltaking i pasientnær undervising på sjukehus skal studentane møta eit stort mangfald av vanlege helseproblem.
Eit viktig element i undervisninga vil vera å identifisera problemstillingar der helsehjelpa hastar. Fleire tema frå spesialistmedisin skal føra vidare undervising i dette semesteret og fordeling av oppgåver mellom fastlege og spesialist vil vera eit gjennomgåande tema. Dette vil studentane få erfaring med både i allmennpraksis og i praksis på mottaksklinikken. I pasientmøte skal studentane arbeida etter pasientsentrert metode, der dei og må bruka tidlegare tileigna kunnskap om kommunikasjon og sosio-økonomisk og kulturelle forskjellar i møte med pasientar. Studenten skal gjennom samarbeid med andre faggrupper få auka kunnskap og erfaring i tverrfagleg samarbeid.
Studenten skal kunna hjelpa pasienten med å få rettmessige trygdeytingar i samband med sjukdom.
Innhald
Teoretisk og praktisk undervisning i fagområda:
- Allmennmedisin inkludert 6 vekers praksisperiode i kommunehelse-tenesta
- Trygdemedisin
- Fordøyelse
- Nyre/urinveier
- Sirkulasjon
- Respirasjon
- Nevrologi
- Rørsleapparatet
- Plastikk kirurgi/småkirurgi
- Infeksjonar inkl tropemedisin
- Akuttmedisin og Intensivmedisin
- Tverrprofesjonell læring (TVEPS)
Læringsutbyte
Kunnskap
Etter fullført semester skal studenten:
- ha inngåande kunnskap om dei vanlegaste symptoma pasientar søkjer helsehjelp hjå allmennlegen for, og utgreiing av desse
- ha inngåande kunnskap om utgreiing og behandling av dei vanlegaste sjukdommane i allmennpraksis og kva tilstandar som skal henvises til spesialisthelsetenesta
- ha inngåande kunnskap om allmennmedisinske rammer og forskjellane mellom den uselekterte pasientpopulasjonen som oppsøkjer allmennpraksis og den selekterte pasientpopulasjonen i spesialisthelsetenesta
- ha brei kunnskap om vurdering av samtykkekompetanse og kriteria for tvang og lovverket som omhandlar tvangstiltak
- ha brei kunnskap om helsefremjande faktorar på individ og samfunnsnivå, og samanhengen mellom helsemessige og sosiale problem
- ha inngåande kunnskap om kva tilstandar som skal innleggjast akutt i sjukehus
- har inngåande kunnskap om akuttbehandling og utgreiing av pasientar med livstruande tilstandar
- ha inngåande kunnskap om rasjonelle utgreiingsalgoritmar for pasientar med dei vanlegaste presentasjonsformene i akuttmottak
- kunne identifisera spesielle helsebehov i flyktning- og migrantpopulasjonen, inkludert dei som kjem av traume og brot på menneskerettar, og foreslå relevante tiltak
Ferdigheiter
Etter fullført semester kan studenten:
- gjennomføra ein fullstendig konsultasjon etter pasientsentrert klinisk metode, greia ut dei viktigaste symptombileta i ulike aldersgrupper og setja i verk behandling for dei viktigaste sjukdommane i allmennpraksis
- føre elektronisk pasientjournal og forsvarleg dokumentera eige klinisk arbeid og vurderingar
- gjera systematisk journalopptak, stille diagnose/differensialdiagnose, laga individuell utgreiingsplan og i samråd med pasienten laga ein plan for behandling og oppfølging
- rekvirera laboratorieprøver, røntgenundersøkingar og vurdera nytta av henvisning til spesialist med eit problemorientert perspektiv
- forma ut gode henvisningar, legeattestar, sjukmeldingar, erklæringar til NAV og forsikringsselskap
- vurdera om pasienten har samtykkekompetanse
- rettleia pasientar i lærings-, meistrings-, og endringsprosessar
- vurdera om ei klinisk problemstilling krev strakstiltak, setja i verk nødvendige akuttmedisinske prosedyrar og samarbeide med nødvendige ressursar
- kommunisera effektivt og profesjonelt både munnleg og digitalt med pasientar og pårørande om behov for helsehjelp, diagnose og behandling
- nytta sentrale nasjonale faglege retningslinjer, lokale prosedyrar og verktøy for kunnskapsstøtte
- vareta teieplikt og personvern i praktisk pasientarbeid.
- handtera akutte livstruande tilstandar i akuttmottak under dette deltaking i teambasert behandling på nivå med LIS1 lege.
- handtera eit breitt spekter av pasientar i mottak på ein måte som varetek både pasienttryggleik og god ressursbruk
- bruka relevante metodar for å vurdera risiko for uønskte hendingar og bidra til forbetring og auka pasienttryggleik ved å ha fokus på systematisk kvalitetsforbetring
- rekvirera legemiddel, gjennomføra legemiddelsamstemming og systematisk legemiddelgjennomgang
- drøfta korleis marginalisering, stigmatisering, diskriminering og rasisme påverkar både helse og helseåtferd, og dessutan korleis helsepersonell kan bidra både til å forsterka og minimalisera dei
Generell kompetanse
Etter fullført semester skal studenten
- utøva legeyrket på ein profesjonell måte
- ha eit språk og ei åtferd som fremjar god og eintydig kommunikasjon, er tillitsvekkjande og tilpassa alderen, kjønnet og kulturelle bakgrunnen til pasienten
- kunne samhandla tverrprofesjonelt
- visa evne til kritisk refleksjon rundt eiga yrkesutøving, vera klar over eige kunnskapsnivå
- ha innsikt i etiske, juridiske og økonomiske utfordringar relatert til helse og sjukdom
- kunne reflektera over samfunnsansvaret til legen, og dessutan rolla til legen som pasientbehandlar, helsefremmer, omsorgsperson, folkeopplyser, forvaltar av velferdsgode, forkjempar for utjamning av sosiale forskjellar i helse og koordinator av helsetenester.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Det vert i semesteret nytta varierte undervisningsformer som førelesingar, team-basert læring (TBL), case-based læring, klinisk undervisning med pasient i smågrupper og praktiske kurs. Deltaking i vanleg klinisk praksis i kommunehelsetenesta og på Haukeland Universitetssjukehus og på Haraldsplass.
Informasjon finnes på Mitt UiB.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Følgjande undervisingsaktivitetar er rekna som obligatorisk:
- Praksisperiode allmennmedisin og samfunnsmedisin (6 veker)
- Konsultasjonskurs (2 dagar)
- Videogrupper allmennpraksiskonsultasjonar (1 dag)
- Gruppebaserte undervisningsvisittar og deltaking i klinisk undervisning knytt til postar/avdelingar (over 6 veker)
- Praktisk trening /aktivitetar på ferdigheitssenter
- Tverrprofesjonell læring (TVEPS) (2 dagar)
- Godkjende fleirvalstestar og individuelle oppgåver
Obligatoriske arbeidskrav undervegs i semesteret må vere godkjende for å få gå opp til semestereksamen.
Dersom praksisperioden er vurdert til "ikkje godkjent"/ "ikkje bestått", må heile praksisperioden bli gjennomførd på nytt. Får ein student vurdert same praksisperiode til "ikkje godkjent"/ "ikkje bestått" to gonger, vert studieretten inndregen, jf. Det medisinske fakultet sitt utfyllande reglement til UiB sin forskrift § 8-1 (3).
Vurderingsformer
Mappevurdering.
Studenten skal jobba med arbeidskrava undervegs i semesteret, og mappa skal til slutt innehalde eit utval av følgjande element:
- Refleksjonsnotat kring erfaringar frå allmennpraksis, og/eller eigne konsultasjonar i allmennpraksis førebudd til videogruppa
- Refleksjonsnotat kring samarbeid mellom primærhelsetenesta og sjukehusavdelingar, pasientlogistikk i sjukehus og tverrfagleg samarbeid etter praksis på mottaksavdelinga
- Samfunnsmedisinsk oppgåve frå kommunehelsetenesta
- Andre skriftlege oppgåver, til dømes å laga ei fleirvalsoppgåve
- Praktisk oppgåve som til dømes pasientkonsultasjon
- Semester-kviss
Informasjon om oppgåvene vil bli gjeve på MittUiB.
Mappa blir vurdert i heilskap, og alle element må vera bestått for at mappa kan vurderast som bestått.