Nordisk litteratur 1: Tekstkunnskap og sjangerforståing
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- NORSK621
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og ev. dansk og svensk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhold
Emnet har to hovudtema: tekstkunnskap og sjangerforståing.
For det første skal studenten utvikle eigen kunnskap og kompetanse på norske og nordiske tekstar i ulike sjangrar frå 1900 til i dag. Emnet tek opp grunnleggande litteraturteoretiske tilnærmingsmåtar og analytiske reiskapar for lesing og tolking.
I tillegg skal studenten utvikle ferdigheiter i å bruke tekstkompetansen i eiga undervisning. Det inneber at tekstane blir sette inn i ein litteraturdidaktisk samanheng. Arbeid med eit breitt utval tekstar dannar utgangspunkt for refleksjon om tilpassa opplæring i norskfaget, og om kva slags litteratur ein skal lese i norskfaget.
Sentrale fagdidaktiske moment i studiet som heilskap er kjennskap til læreplanar, kompetansemål, undervisning i grunnleggjande ferdigheiter, vurdering av læringsutbytte, bruk av digitale verktøy i undervisninga og refleksjon omkring eigen læringsprosess og eigen undervisningspraksis.
Læringsutbytte
Ein student som har gjennomført emnet, skal ha følgjande læringsutbyte:
Kunnskap: Kandidaten
- har god kunnskap om norsk litteratur frå 1900 og fram til i dag
- har god kunnskap om sjangermangfald, teksttypar og mediehistoriske endringar etter 1900
- har god kunnskap om sentrale og aktuelle tematikkar som litteraturen problematiserer
- har god kunnskap om læreplanane for norskfaget, med vekt på kompetansemål som rører ved litteratur og tekstkultur
- har god innsikt i korleis praktiske og teoretiske litterære læringsprosessar kan støttast i undervisning, både fagspesifikt og i oppøvinga av grunnleggande ferdigheiter
Dugleik: Kandidaten
- kan bruke dei faglege og fagdidaktiske kunnskapane som er omtalte ovanfor, i eigne analysar, drøftingar og vurderingar av litteratur
- kan bruke kunnskapane som er omtalte ovanfor, i eigen yrkespraksis
- kan skape gode norskfaglege undervisningsaktivitetar med utgangspunkt i læreplanar og eigen kunnskap
- kan bruke sentrale fagomgrep både i eigne tekstar og i tolkings og formidlingsarbeid
- kan reflektere om og drøfte tilhøvet mellom lærings- og undervisningsmåtar i litteratur, og om eigen yrkespraksis
- kan skrive både bokmål og nynorsk korrekt og godt
Generell kompetanse: Kandidaten
- har innsikt i oppdatert forsking på nyare norsk tekst- og sjangerutvikling
- kan reflektere over litteratur- og sjangerspørsmål i eit danningsperspektiv
- har innsikt i norskfaget si rolle i skulen og samfunnet
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga kan bestå av fysiske samlingar og/eller nettbasert undervisning.
Både undervisninga og vurderinga føreset at studentane følgjer emneprogresjonen og arbeider aktivt med lærestoffet.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Levering av to individuelle oppgåver innan fastsette fristar.
Begge målformer skal vere representerte i oppgåvene.
Faglærar godkjenner dei obligatoriske oppgåvene. Obligatoriske oppgåver må vere godkjend for at studenten skal få ta eksamen.
Godkjenning av obligatorisk oppgåver er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
Heimeeksamen på 6 timar.
Målform: bokmål
I samsvar med nasjonale retningslinjer blir det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.