Artikkellesning i generell psykologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å . . .

Styrke studentane sin kompetanse i å vurdere og diskutere vitskapelege tekstar med utgangspunkt i utvalde vitskapelege artiklar i psykologi.

Emnet skal formidle forståing for innhaldsmessige og framstillingsmessige grep i vitskapelige tekstar.

Innhald:

Studiet tar opp tema som vitskapeleg relevans, tilhøvet mellom problemstilling og metode, og tilhøvet mellom empiriske funn og konklusjonar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten...

  • har kunnskapar om vitskapelege kriterier for å vurdere kvalitet i vitskapelege artiklar
  • har kunnskapar om bibliometriske kriterier for å vurdere kvalitet i vitskapelege artiklar (nivå, impact factor, siteringsindeksar m.m.)
  • har kunnskapar om kva som kjenneteiknar eit vitskapeleg tidsskrift (faglege retningslinjer, fagfellevurdering, formatkrav)

Ferdigheiter

Studenten...

  • kan vurdere og diskutere vitskapelege tekstar
  • kan identifisere vesentlege element i ein vitskapeleg publikasjon som vitskapeleg relevans, dokumentasjon av påstandar, tilhøvet mellom problemstilling og metode, omgrepsdefinisjonar, operasjonaliseringar, tilhøvet mellom empiriske funn og konklusjonar, og generaliseringar m.m.

Generell kompetanse

Studenten...

  • har forståing for innhaldsmessige og framstillingsmessige grep i vitskapelige tekstar
  • har erfaring med å presentere ei vitskapeleg tekst for andre

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Årsstudiet i psykologi (PSYK111, PSYK112, PSYK113, PSYK114)
Studiepoengsreduksjon
Ikkje aktuelt
Krav til studierett
Opptak til bachelorprogrammet i generell psykologi
Arbeids- og undervisningsformer
  • Oversiktsførelesningar
  • Seminar med organiserte for-imot diskusjonar
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Munnleg presentasjon av gruppearbeidet.

Obligatorisk oppmøte heile dagen ein sjølv presenterer.

Vurderingsformer

Emnet blir vurdert som bestått eller ikkje-bestått basert på ei mappe-vurdering av 2 oppgåver. Begge oppgåvene må være bestått for å bestå emnet.

  • 1) Skrive eit essay i gruppe (som får kommentarar frå medstudentar).
  • 2) Gje tilbakemelding på ei gruppe sitt essay (skriftlig).
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Institutt for samfunnspsykologi
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet
Institutt
Institutt for samfunnspsykologi