Spansk 1a: Språklæring, spansk språk og kommunikasjon
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- SPANSK621
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Spansk og norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål: Emnet har som mål å vidareutvikle studenten sine kunnskapar om og dugleik i spanskfaget.
Gjennom studiet skal studenten utvikla forståing for sentrale språklege og språkdidaktiske problemstillingar i ein kulturell kontekst. Emnet vil fokusera på korleis kompetansemåla for 2. framandspråk praktisk kan verta gjennomførte i undervisninga, og ein legg særskilt vekt på utvikling av munnleg og digital dugleik. Studenten skal ha eit medvite tilhøve til eiga og til elevane si språklæring og innsikt i skilnader og samsvar mellom spansk og norsk. Studenten skal kunna leggja til rette for framandspråkopplæring som fremjar utforsking, nyfikne og kreativitet i eit fagovergripande perspektiv.
Innhald:
Studiet tek opp tema innan:
- Spansk språk og kultur
- Kommunikasjon
- Språkutvikling
- Bruk av IKT i undervisninga
. Planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisninga/språkopplæringa
-kurset legg særskilt vekt på utvikling av munnleg og digital dugleik
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleik og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten skal
- ha kunnskap om spansk språk med vekt på skilnader mellom spansk og norsk
- ha kunnskap om sentrale tema innan spanskspråkleg kultur (medrekna daglegliv, tradisjonar, skikkar, verdiar og kulturelle uttrykk i målspråkområdet)
- innsikt i sentrale styringsdokumentar for spanskfaget
- innsikt i spansk som dannings- og dugleiksfag (med særleg vekt på munnleg kompetanse)
- innsikt i teoriar om framandspråklæring og kunnskap om sentrale fagdidaktiske omgrep
- ha kunnskap om ulike læringsressursar for målgruppa i eit kjeldekritisk perspektiv
Dugleik
Studenten kan
- kommunisera med god uttale og intonasjon og bruka varierte språkstrukturar i munnleg og skriftleg kommunikasjon
- kan ta i bruk spansk som undervisningsspråk
- bruka tileigna teoretisk kunnskap for å planleggja og gjennomføra undervisning i tråd med kompetansemåla i faget sin læreplan
-leggja til rette for ulike arbeidsmåtar som fremjar utforsking, nyfikne og kreativitet i framandspråkopplæringa i eit fagovergripande perspektiv
- pedagogisk bruk av digitale verkty i undervisninga
- bruka vurdering som fremjar læring for å rettleia elevane i utvikling av dugleik på målspråket
Generell dugleik
Studenten kan
- vidareutvikla eigen språkleg og interkulturell kompetanse, eigen praksis og bidra aktivt i arbeidet med innovasjonsprosessar i skolen
- vurdera eigen praksis og samhandla med andre i profesjonsgjennomføringa
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studentane skal vere lærarar med pedagogisk bakgrunn i samsvar med krava i rammeplanane for lærarutdanninga. Dei må dessutan vere tilsette i skolen i studieperioden.
Studenten lyt kunna spansk som svarar til spansk 2 frå vgs eller nivå A2 (Det felles europeiske rammeverket for språk)
Ved eventuelt suppleringsopptak er det ikkje krav om at søkjar er tilsett i skolen, men ein må ha godkjend pedagogisk utdanning i tillegg til dei andre krava.
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk å vera til stades på minst 80 % av organiserte, nettbaserte undervisningsaktivitetar (førelesingar, grupper og prosjektarbeid).
Det er tre ( språklæring, munnleg oppgåve, undervisningsopplegg) obligatoriske innleveringsoppgåver på emnet, og desse må vere godkjende innan to veker før endeleg vurdering.
Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i undervisningssemesteret og i det påfølgjande semesteret.