InformatikkOrakel

InformatikkOrakel er ein fagleg og sosial arena for dei som tek informatikkemne. Du kan også få ein vaffel!

Bilde
Studenter som sitter sammen, en steker vafler
Foto: Randi Heggernes Eilertsen

Her kan du jobbe og få hjelp frå InformatikkOraklar (medstudenter som har tatt emna før). 

I tillegg til det faglege skal InformatikkOrakel også vere ein sosial stad der ein kan styrke samhaldet på tvers av dei ulike studia på instituttet. Vi ynskjer at dette skal vere eit lågterskeltilbod for studentar på deira eigen arena, ein stad det er lett å be om støtte.

Hausten 2026 er orakla tilgjengeleg:

  • Onsdagar 12:15–14:00 (utan vaflar)
  • Torsdagar 14:15–16:00 (med vaflar)
  • Stad: Programmerbar (1. etasje på Datablokken, Høyteknologisenteret)

Du kan ta kontakt med InformatikkOrakel på Facebook (ekstern lenke)

Orakla er tilgjengelege på lesesalens Discord i tidsrommet.

Bli gruppeleiar eller orakel ved Institutt for informatikk 

Kvart semester søkjer Institutt for informatikk etter engasjerte studentar som ønskjer å bidra til eit godt fagleg og sosialt studiemiljø som fagkonsulent (også kjend som gruppeleiar eller informatikkorakel). 

Utlysingstekst og felles søknadsskjema for våren 2027 er tilgjengeleg her fram til fristen 12. november.

Gruppeleiar 

Som gruppeleiar vil du bidra til studentane si læring gjennom planlegging og gjennomføring av gruppeundervisning, samt retting av oppgåver. Vi søkjer dyktige informatikkstudentar med gode samarbeidsevner som ønskjer å hjelpe, motivere og rettleie andre studentar. 

Ei typisk arbeidsveke vil bestå av to timar gruppeundervisning og to til tre timar førebuing. I periodar vil det òg vere obligatoriske oppgåver som skal rettast. 

Informatikkorakel 

Orakelordninga er eit tilbod til bachelorstudentar som ønskjer ein fagleg og sosial møteplass innan informatikk. Som informatikkorakel svarer du på faglege spørsmål, hjelper medstudentar og bidreg til eit inkluderande læringsmiljø. 

Orakla har òg ei viktig rolle i det sosiale arbeidet ved instituttet, mellom anna gjennom å steikje vaflar og skape trivsel på lesesalen kvar torsdag. 

Kva er dei formelle krava for å søkje? 

Det er ei føresetnad for tilsetjing at den som blir tilsett, er ein aktiv student innan relevant fagområde. 

Gruppeleiarar må ha kunnskapar minst på nivået dei skal undervise på, altså ha bestått emnet (eller tilsvarande) dei søkjer på. Orakel bør ha god kjennskap til fleire av desse emna: INF100, INF101, INF102, INF112, INF115, INF122 eller MNF130. 

For å vere gruppeleiar må du ha bestått emnet du søkjer på (eller tilsvarande emne) og ha faglege kunnskapar på minst same nivå som undervisninga du skal bidra i. 

Sist oppdatert: 21.10.2026