Øyvind Wiik Halvorsen

Stilling

førsteamanuensis

Tilhørighet

Forskergrupper

Kort info

Eg forskar på profesjonalitet i læraryrket og på allmenndidaktikk, og underviser i lektorutdanninga ved UiB.

Utdanning:
Doktorgrad i pedagogikk (UiB, 2021)
Praktisk-pedagogisk utdanning, med undervisningsfaga norsk og historie (UiB, 2015)
Mastergrad i nordisk språk og litteratur (UiB, 2012)
Forskning

Forskingsinteresser:

Mine forskingsinteresser er i hovudsak knytte til profesjonalitet i læraryrket. Her er eg oppteken av både grunnlagsproblem og empirisk forsking som tek utgangspunkt i spørsmål som:  

  • Kva kjenneteiknar (god) profesjonell dømekraft og profesjonelle avgjersler i læraryrket? Kva bidreg når lærarar gjer vurderingar og prioriteringar kring mål, innhald og metodar? Kva kunnskapsressursar gjer lærarar bruk av og kvar kjem dei ifrå (og korleis får lærarar tak i dei?)?
  • Kva etiske spørsmål og dilemma særmerker læraryrket og korleis kan lærarar handtere desse på ein ansvarleg måte? Kva moralske dygder og prinsipp er avgjerande for god praksis som lærar?
  • Kva rolle speler (felles) fagspråk for profesjonalitet i læraryrket? Har lærarar tilgang på veleigna omgrep for å møte oppgåvene i yrket (om ikkje, kan vi utvikle betre omgrep?)?   

I tillegg har eg også breie forskingsinteresser innan allmenndidaktikk. Her er eg særleg interessert i: 

  • Allmenndidaktiske kjernepraksisar (core practices) knytte til undervisning og klasseleiing, og korleis arbeid med kjernepraksisar kan brukast i lærarutdanning  
  • Produktive koplingar mellom allmenndidaktikk og pedagogisk psykologi (som til dømes cognitive load-teori, generativ læringsteori, Vygotskij-tradisjonen)         

 

Doktorgradsavhandlinga mi (UiB, 2021) var ein kvalitativ studie av læraraktørskap (teacher agency) i eit sosiokulturelt perspektiv, med erfaringar hjå norsklærarar i vidaregåande skule som empirisk døme. Avhandlinga ligg tilgjengeleg her: 

https://bora.uib.no/bora-xmlui/handle/11250/2737496

Metodar:

Eg arbeider både med empiriske metodar og teoretisk med filosofisk omgrepsanalyse. 

Undervisning

 Eg underviser i pedagogikk i lektorutdanninga ved UiB. For tida er eg særleg involvert i innføringsemnet for nye lektorstudentar (PEDA130).  

Publikasjoner
Faglig foredrag
Vitenskapelig artikkel
Vitenskapelig Kapittel/Artikkel/Konferanseartikkel
Vitenskapelig foredrag
Fagartikkel
Doktorgradsavhandling
Programdeltagelse
Populærvitenskapelig artikkel

Se en full oversikt over publikasjoner i Cristin