Mari Heggernes Eilertsen

Stilling

Forsker, Djuphavsbiologi

Forskergrupper

Forskning

Mari Heggernes Eilertsen er forskar ved Institutt for biovitskap der ho leier teamet CBE Arctic, som er ein del av forskingsgruppa for Djuphavsbiologi og tilkytta Senter for djuphavsforsking. Eilertsen forskar på dyr som lever ved kjemosyntesebaserte økosystem som varme kjelder, kalde gassoppkomme og organiske nedfall i djuphavet. Desse økosystema har ein høg andel spesialiserte organismar som ikkje finnes andre stader, og kan vere særskild sårbare for påverknadar frå menneskleg aktivitet. Forskinga til Eilertsen strekker seg frå skildring av nye artar, biogeografi og genetisk konnektivitet til evolusjonshistorie og økologi. 

I 2024 fekk Eilertsen tildelt prosjektet "Worm forest ecosystems in Arctic hydrothermal vents and cold seeps" (WormFEST) frå Noregs forskingsråd (FRIPRO), og prosjektet har planlagt oppstart januar 2024. Siden 2020 har Eilertsen leia prosjektet "Fauna ved varme kjelder og kalde gassoppkommer", finansiert av Artsdatabanken. Prosjektet har som mål å bidra med taksonomisk oppdaterte artslister frå varme kjelder og kalde gassoppkommer i norske djuphavsområder, og DNA-strekkodar frå dei kartlagde artane. Ho er og arbeidspakkeleiar for konnektivitet i kompetansebyggingsprosjektet EcoSafe, som søkjer å bidra til å fylle kunnskapshol relatert til miljøpåverknadar av gruvedrift i djuphavet.

Formidling

Eilertsen bidreg til å formidle kunnskap om livet i djuphavet til både beslutningstakarar og samfunnet ellers. Dei seinare åra har ho bidratt til fleire høyringssvar i samband med nasjonale prosessar om marine verneområder og åpningsprosessen for mineralutvinning i djuphavet, og ho er og medforfattar på eit fagutredning om naturmiljø i norske djuphavsområder nær midthavsryggen.

Eit eksempel på formidlingsaktivitetar retta mot breiare deler av befolkinga var OPPLEV Marineholmen i April 2022, der Eilertsen og andre kolleger frå forskingsgruppa i Djuphavsbiologi hadde ein stand med ei interaktiv simulering av prøvetaking i djuphavet (sjå bloggpost om OPPLEV Marineholmen her).

Undervisning

For tida underviser Eilertsen i faga BIO212 - Marin samfunnsøkologi og BIO318 - Aktuelle geobiologiske tema, i tillegg til at ho bidreg på feltkurs i BIO325 - Havforsking.

Eilertsen har tidlegare undervist i ei rekke kurs ved Institutt for biovitskap, til dømes BIO101, BIO102 (Organismebiologi 1 og 2), BIO300B - Biostatistikk og BIO232 - Systematisk zoologi.

Publikasjoner