Forskning
Genetiske og epigenetiske variantar som påvirkar kreftrisiko
I tillegg til variantar som endrar den genetiske koden for eit gen, kan kreftrisiko bli endra av variasjonar i korleis gen vert regulert, td. ved at det vert slått av via metylering i genet sitt regulatoriske område (promoter). Vi studerer slik regulering av BRCA1 genet, og har funne at dette genet er metylert i løpet av fosterlivet hos omlag 10% av jenter, noko som forårsaker ein 2-4 gongar auka risiko for bryst og eggstokkreft seinare i livet.
Tidligare har vi fullført fleire større prosjekt som har fokusert på genetiske endringar i promoteren for MDM2 genet. Her har vi funne at ein særskilt variant (SNP285) reduserer risiko for brystkreft med 37% og risikoen for eggstokkreft med 39% i nokre subgrupper av Europeiske kvinner.
Nøkkel-publikasjonar:
Lønning et al. JAMA Oncology, 2022
Lønning et al. Annals of Internal Medicine, 2018
Knappskog et al. European Journal of Cancer 2012
Knappskog et al. Cancer Cell, 2011
Genetiske mekanismar som gir resistens mot behandling hos kreftpasientar
Nokon kreftpasientar opplever dårlig effekt av behandlinga. Vår forsking fokuserer på genetiske og molekylære mekanismar som gjer at enkelt-svulstar ikkje responderer på ulike kreft-medikament. Målet med er å identifisere genetiske mekanismar som kan nyttast som såkalla prediktive biomarkørar, dvs markørar som kan indikere kva for type cellegift som vil være mest nyttig for kvar enkelt pasient.
Nøkkel-publikasjonar:
Venizelos et al. Genome Medicine, 2022
Eikesdal et al. Annals of Oncology, 2021
Knappskog et al. Molecular Oncology, 2015
Knappskog et al. Breast Cancer Research, 2012
Kreftheterogenitet og evolusjon
Mange kreftsvulstar er heterogene, og er bygd opp av subklonar som er genetisk ulike. Vår forsking fokuserer på korleis ulike subklonar vekst og ter seg gjennom sjukdomsforløpet. Dette inkluderer kva som skjer når sjukdommen spreier seg i kroppen, og kva som skjer når pasienten får behandling med ulike typar medikament.
Nøkkel-publikasjonar:
Birkeland et al. Nature Communications, 2018
Yates et al. Cancer Cell, 2017
Yates et al. Nature Medicine, 2015
Formidling
Webinar om brystkreftforsking (2025.10.07)
www.youtube.com/watch?v=22k9nh4nbjU
Avisreportasje om senter for kvinnehelse (2025.01.17)
https://www.bt.no/helse/i/zAegLw/driv-senter-for-kvinnehelse-samlet-160-paa-foerste-fagdag
Gjest i podcast frå Bioteknologirådet (2024.09.25)
https://www.bioteknologiradet.no/podkast/kreftens-genetikk/
Avisreportasje om gentesting in kreftbehandling (2024.03.09)
https://www.ba.no/ragnfrid-45-fikk-dodsdommen-en-gentest-vekket-hapet-til-live/f/5-8-2554600
Avisreportasje om ny årsak til brystkreft (2024.01.16)
Avisreportasje om ny årsak til brystkreft (2023.12.)
https://www.vg.no/forbruker/helse/i/Kn5z04/studie-aarsaken-til-brystkreft-kan-oppstaa-i-fosterlivet
Innslag i Dagsrevyen om funn i PETREMAC-studien (2021.04.15)
Åse vart kreftfri etter «umogeleg» behandling – NRK Vestland
Avisreportasje om nytt sekvenseringsinstrument (2019.10.02)
Avisreportasjer om forskingsfunn og publikasjon (2018.01.16)
https://www.bt.no/nyheter/innenriks/i/oR617R/Norske-forskere-kan-pavise-kreftrisiko-hos-ufodte-barn
Avisreportasjer om forskingsfunn og publikasjon (2017.08.14)
Avisreportasje om Ung Forsker-pris ved Onkologisk Forum (2016.11.18)
TV-innslag om ny klinisk studie - PETREMAC (2016.07.03)
TV-innslag om ny klinisk studie - PETREMAC (2016.07.05)
Avisreportasje om forsking finansiert av Rosa sløyfe-aksjonen (2015.10.29)
http://www.ba.no/nyheter/helsevesen/medisin-og-helse/her-gar-midlene-fra-rosa-sloyfe/s/5-8-183805
TV intervju om donasjon frå Mohn (2014.12.23)
https://tv.nrk.no/sok?q=Stian%20Knappskog&filter=rettigheter
Film for Kreftforeningen angåande Rosa sløyfe-aksjonen (2013.09.20)
https://www.youtube.com/watch?v=Sr4qk4RKz3I
Avisreportasje om oppdaging av genvariant som reduserer kreftrisiko (2011.02.15)
Publikasjoner
Publikasjonar lista i PubMed:
https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/?term=knappskog+s
Publikasjonar lista i Cristin: