Mari Heggernes Eilertsen
Stilling
Forsker, Djuphavsbiologi
Tilhørighet
Forskergrupper
Kort info
Forskning
Mari Heggernes Eilertsen er forskar ved Institutt for biovitskap der ho leier teamet CBE Arctic, som er ein del av forskingsgruppa for Djuphavsbiologi og tilkytta Senter for djuphavsforsking. Eilertsen forskar på dyr som lever ved kjemosyntesebaserte økosystem som varme kjelder, kalde gassoppkomme og organiske nedfall i djuphavet. Desse økosystema har ein høg andel spesialiserte organismar som ikkje finnes andre stader, og kan vere særskild sårbare for påverknadar frå menneskleg aktivitet. Forskinga til Eilertsen strekker seg frå skildring av nye artar, biogeografi og genetisk konnektivitet til evolusjonshistorie og økologi.
Formidling
Eilertsen bidreg til å formidle kunnskap om livet i djuphavet til både beslutningstakarar og samfunnet ellers. Dei seinare åra har ho bidratt til fleire høyringssvar i samband med nasjonale prosessar om marine verneområder og åpningsprosessen for mineralutvinning i djuphavet, og ho er og medforfattar på eit fagutredning om naturmiljø i norske djuphavsområder nær midthavsryggen.
Eit eksempel på formidlingsaktivitetar retta mot breiare deler av befolkinga var OPPLEV Marineholmen i April 2022, der Eilertsen og andre kolleger frå forskingsgruppa i Djuphavsbiologi hadde ein stand med ei interaktiv simulering av prøvetaking i djuphavet (sjå bloggpost om OPPLEV Marineholmen her).
Undervisning
For tida underviser Eilertsen i faga BIO212 - Marin samfunnsøkologi og BIO318 - Aktuelle geobiologiske tema, i tillegg til at ho bidreg på feltkurs i BIO325 - Havforsking.
Eilertsen har tidlegare undervist i ei rekke kurs ved Institutt for biovitskap, til dømes BIO101, BIO102 (Organismebiologi 1 og 2), BIO300B - Biostatistikk og BIO232 - Systematisk zoologi.
Publikasjoner
2026
- Peter Daniel Rask Møller; Nicolas Straube; Henrik Lauridsen et al. (2026). Some like it hot: The enigmatic Arctic deep-sea eelpout Pachycara platyrhina thrives at hydrothermal vents. (ekstern lenke)
- Kristoffer Franzen Nilsen; Mari Heggernes Eilertsen; Jon Anders Kongsrud et al. (2026). Diversity, distribution, and habitat specificity of Ophryotrocha (Annelida: Dorvilleidae) from Arctic chemosynthesis-based ecosystems. (ekstern lenke)
- Nadezhda Rimskaya-Korsakova; Mari Heggernes Eilertsen (2026). Sclerolinum tubeworms (Annelida, Siboglinidae) colonize degrading bones. (ekstern lenke)
- Lucrezia Leotta; Mari Heggernes Eilertsen; Jon Anders Kongsrud et al. (2026). Skimming beyond the shell: first mitogenomes of Rissoidae. (ekstern lenke)
- Mari Heggernes Eilertsen; Christian Ludvig Nilsson; Lara Beckmann et al. (2026). Stories from the Deep: Using Storytelling and Art to Build Deep-Ocean Literacy. (ekstern lenke)
- Johanna Bjånes Marcussen; Mari Heggernes Eilertsen; Trine Bekkby et al. (2026). Debatt: Kunnskap om havet mangler i læreplanen for norske skoler. (ekstern lenke)
- Giuliana Panieri; Claudio Argentino; Giulia Amaglio et al. (2026). Extreme25 Expedition Report. (ekstern lenke)
- Christian Ludvig Nilsson; Brenda Lizbeth Esteban Vazquez; Mari Heggernes Eilertsen (2026). Oppdag skoger i dyphavet, laget av marker!. (ekstern lenke)
2025
Prosjekter
I 2024 fekk Eilertsen tildelt prosjektet "Worm forest ecosystems in Arctic hydrothermal vents and cold seeps" (WormFEST) frå Noregs forskingsråd (FRIPRO), og prosjektet har planlagt oppstart januar 2024. Siden 2020 har Eilertsen leia prosjektet "Fauna ved varme kjelder og kalde gassoppkommer", finansiert av Artsdatabanken. Prosjektet har som mål å bidra med taksonomisk oppdaterte artslister frå varme kjelder og kalde gassoppkommer i norske djuphavsområder, og DNA-strekkodar frå dei kartlagde artane. Ho er og arbeidspakkeleiar for konnektivitet i kompetansebyggingsprosjektet EcoSafe, som søkjer å bidra til å fylle kunnskapshol relatert til miljøpåverknadar av gruvedrift i djuphavet.