Øyvind Wiik Halvorsen

Stilling

Førsteamanuensis

Tilhørighet

Forskergrupper

Kort info

Eg forskar på profesjonalitet og ekspertise i læraryrket, og underviser i lektorutdanninga ved UiB.

Utdanning:
Doktorgrad (ph.d.) i pedagogikk (UiB, 2021)
Praktisk-pedagogisk utdanning, med undervisningsfaga norsk og historie (UiB, 2015)
Mastergrad i nordisk språk og litteratur (UiB, 2012)

Forskning

Forskingsinteresser:

Mine forskingsinteresser er overordna knytte til spørsmål om profesjonalitet og ekspertise i læraryrket. Eg er oppteken av korleis lærarar gjer vurderingar og tek avgjersler i alle delar av virket sitt, og kva omsyn og vilkår som formar desse.  

For tida er eg særleg interessert i:

  • Korleis dygdsteoretiske perspektiv kan gi ny forståing av profesjonalitet og ekspertise i læraryrket 
  • Kva rolle tilgang på veleigna fagomgrep og fagspråk speler for god praksis og korleis eksisterande fagomgrep og fagspråk eventuelt kan utbetrast (conceptual engineering)

 

Doktorgradsavhandlinga mi (UiB, 2021) var ein kvalitativ studie av læraraktørskap (teacher agency) i eit sosiokulturelt perspektiv, med erfaringar hjå norsklærarar i vidaregåande skule som empirisk døme. Avhandlinga ligg tilgjengeleg her: 

https://bora.uib.no/bora-xmlui/handle/11250/2737496

Metodar:

Eg arbeider med filosofiske perspektiv og med empiriske (primært kvalitative) metodar. 

Undervisning

 Eg underviser i pedagogikk i lektorutdanninga ved UiB. For tida er eg særleg involvert i innføringsemnet for nye lektorstudentar (PEDA130).  

Publikasjoner

Deltakelse i radio eller TV

Doktorgradsavhandling

Fagartikkel

Forelesning

Konferanseforedrag

Populærvitenskapelig artikkel

Vitenskapelig artikkel

Vitenskapelig bokkapittel

Se en fullstendig oversikt over publikasjoner i NVA.