Det finst faglege og pedagogiske grunnar bak kravet om at ein som student må skrive. Skrivinga er ikkje berre ein måte å vise kva ein har lært på, det er også ein måte å lære akademiske ferdigheiter på. Studenten kan gjennom språket ta betre stilling til om eigen argumentasjon og eigne standpunkt held faglege mål.
Samtidig vil store delar av desse arbeida bygge på arbeidet til andre personar – som til dømes vurderingar, premiss, faktagrunnlag og konklusjonar. Når du bygger på andre personar sitt arbeid, må du vise kvar det er henta frå. Det beste rådet er å ha eit bevisst forhold til bruk av arbeid du ikkje sjølv har produsert, og å referere på ein måte som er godkjent i fagmiljøet.
Om fusk
Du fuskar dersom du oppnår ein urettmessig fordel i undervisinga eller på eksamen. Du kan bli tatt i fusk sjølv om du ikkje meinte å fuske, då kravet til aktsemd er høgt.
Fusk er eit mangearta omgrep, og som regel vil fusk falle inn under tre hovudtypar:
- Plagiat, som betyr å ikkje sitere riktig etter akademiske standardar
- Ulovleg samarbeid om til dømes innleveringar, og brot på reglar eller retningslinjer
- Juks, som å bruke lappar eller ulovlege hjelpemiddel, reknast også som fusk.
Reglar for kva som er lovlege hjelpemiddel på ein eksamen finn du i eksamensreglementet til fakultetet og i emneomtalen. Kva som reknast som fusk, kan variere mellom fakultet, fagfelt, emne og undervisnings- og eksamensform.
Av og til er det ukomplisert å slå fast når reglane om samarbeid eller hjelpemiddel er brotne. Men digitale verktøy som ChatGPT har gjort det meir komplisert. Les meir om bruk av kunstig intelligens og liknande digitale verktøy.
Gjenbruk av eigne arbeid, ofte kalla «sjølvplagiat», er ei særskilt problemstilling. Slik gjenbruk kan vere uproblematisk, men kan også påverke karakterfastsettinga negativt, og det kan i nokre tilfelle vere fusk. Som hovudregel vil gjenbruk av eigen tekst som du ikkje har fått vurdering for, gjenbruk av ei innleiing, eller mindre sentrale delar av ein tekst, ikkje bli rekna som fusk ved UiB. Dersom det er tvil om noko er fusk, skal det avgjerast av fagmiljøet. Viss du er usikker, oppmodar vi deg til å diskutere spørsmåla med undervisar eller ein annan fagperson.
Kva som utgjer fusk, kan vere ulikt. Du kan fuske dersom du:
- Ikkje viser til kjelder
- Viser til fiktive kjelder
- Ikkje markerer direkte sitat med sitatteikn
- Hentar tekst frå nettet, verktøy for kunstig intelligens eller andre stader, og gir inntrykk av at teksten er din eigen
- Bruker eit svar som er blitt levert før, også når det er ditt eige arbeid
- Bryt reglane om samarbeid
- Bruker ulovlege hjelpemiddel som til dømes lappar og ark med fagleg innhald, mobiltelefonar eller smartklokker
- Legg inn ikkje-godkjent fagstoff i godkjente hjelpemiddel
- Har tilgang til ulovlege hjelpemiddel, sjølv om dei ikkje er brukte
- På andre punkt bryt eksamensreglane til fakultetet
Sitering og siteringsteknikk
Eit karakteristisk trekk ved mange av dei skriftlege arbeida ein leverer gjennom studietida, er at dei i stor grad tar utgangspunkt i og bygger på tekstar og anna som andre personar har produsert og har opphavsretten til. Slike tekstar blir kalla for kjelder, og dei kan vere av ulik art, til dømes:
- lærebøker
- artiklar i tidsskrift og anna
- monografiar, referat i ulike publikasjonar
- tekst på internett
- førelesingar og foredrag
- bilde, film og lydopptak
- samtalar og diskusjonar med lærarar og studentar
- digital verktøy, inkludert verktøy basert på kunstig intelligens som chatGPT
Uansett er grunnregelen den same: Når du hentar fakta, tankar, idéar, synspunkt og korte eller lange sitat frå ei kjelde og nyttar desse i ditt eige arbeid, skal det gå klart fram kva kjelder du har brukt. Du skal med andre ord ikkje gi inntrykk av at andre sine tankar, idéar, synspunkt og resultat er dine eigne. Derfor må du vise til, referere, og sitere på ein klar og reieleg måte kvar gong du bruker ei kjelde.
Åndsverklova og etablerte akademiske normer
Det er ikkje berre greitt å bruke kjelder, svært ofte er det heilt nødvendig. Det er to formelle sett av reglar som sikrar rettane til den som står bak kjelda (opphavsmannen). Det eine er åndsverklova, som mellom anna seier at det er lov å sitere frå åndsverk så lenge det skjer «i samsvar med god skikk og i den utstrekning formålet betinger» (§ 22). Det andre er etablerte akademiske normer for kjeldebruk og kjeldetilvisingar. Åndsverklova og dei akademiske normene overlappar og fyller kvarandre ut, og det er ikkje alltid enkelt å seie kvar grensa mellom dei går. Begge regelsetta er viktige, og i ein akademisk kontekst er det ikkje tilstrekkeleg å la vere å gjere noko ulovleg, for ein må også følge akademisk god skikk.
I ytste konsekvens kan mangelfull sitering bli rekna som fusk.
Sjå korleis du skal sitere i Søk og Skriv
Om bruk av kunstig intelligens (KI)
Generative språkmodellar som ChatGPT og andre generative verktøy, for til dømes bilde, reiser spørsmål knytt til både kjeldebruk og krav om sjølvstende.
Universitetet i Bergen opnar for at forskjellige fagmiljø vurderer bruken av slike verktøy forskjellig. Som regel er det eit krav om at svaret på eksamen er ein sjølvstendig produsert tekst. Dette gjer at å levere ein tekst som heilt eller delvis er generert vil reknast som fusk, med mindre det er sitert på reieleg måte.
Ei ytterlegare utfordring med bruk av desse verktøya, er at teksten som blir produsert ikkje er til å lite på.
Måten verktøya er designa på, gjer at teksten som blir generert er statistisk sannsynleg, og det er noko heilt anna enn faktabasert, som er eit krav i akademiske tekstar. Dette gjer at den genererte teksten kan få innslag av dikting frå verktøy som ChatGPT. Dette blir ofte omtala som «hallusinering». Jill Walker Rettberg, professor i digital kultur ved UiB, forklarer at hallusinering ligg i kjernen av korleis verktøya er designa her: Lystløgneren ChatGPT .
Dette aspektet ved generative språkmodellar aktualiserer fleire element ved kjeldekritikk, nemleg kor truverdig kjelda er, om kjelda er objektiv, og kor nøyaktig ho er. Dette gjer at ein må vere svært varsam med å bruke verktøya som kjelde.
Generelt skal det refererast til all programvare som blir brukt i akademisk arbeid når programvara verkar inn på resultat, analyser eller funn som blir presenterte. Digitale verktøy skil seg ikkje frå dette. Slike verktøy kan ikkje vere medforfattar fordi forfattarskap inneber eit ansvar for arbeidet som verktøya ikkje kan ta på seg.
Ein tekst generert av slike digitale verktøy er ikkje mogleg for andre å skape att. I akademiske arbeid bør ein derfor skildre korleis generatoren er brukt. Det kan vere til dømes tidspunkt, omfang, korleis resultatet blei inkludert i teksten. Ofte er det aktuelt å skildre kva som er skrive inn i chatten (el.l) Ver merksam på at det kan vere fagspesifikke føringar for korleis bruken skal dokumenterast.
Referere til tekst generert av digitale verktøy
Dømet under viser korleis ein refererer til tekst generert av digitale verktøy i APA7:
I teksten: tekst (OpenAI, 2023)
I referanselista: OpenAI. (2023). ChatGPT (20. april-versjon) [Stor språkmodell]. https://chat.openai.com
Avdekking, konsekvensar og rettar i fuskesaker
Fusk og forsøk på fusk kan avdekkast på fleire måtar. Ved saleksamen og liknande vil eksamensvaktene sørge for at reglane om hjelpemiddel og anna blir følgde. Sensor vil kjenne til fagfeltet og pensum i emnet, og kan oppdage plagiat og anna. Det kan også vere eigenskapar ved den leverte teksten som vekker mistanke (stilbrot, sterkt varierande fagleg kvalitet, manglar i bibliografien, osb.) Av og til er det andre studentar som melder frå om at nokon har fuska.
Tekstgjenkjenningsprogramvare
UiB bruker også tekstgjenkjenningsprogramvare. Der blir svar på eksamen og andre innleveringar vurderte opp mot andre studentar sine arbeid, mot innhald på internett, og mot faglitteratur.
Alvorlege konsekvensar
Fusk og forsøk på fusk har alvorlege konsekvensar. Det fører som regel til annullering av eksamenen, og kan innebere utestenging frå UiB og eksamensnekt ved alle universitet og høgskular i opp til eitt år.
Høvet til å annullere ein eksamen blir ikkje forelda. Det vil seie at universitetet kan ta opp ei sak om fusk, sjølv om fuskinga skjedde langt tilbake i tid og du ikkje lenger er student. Dersom emnet inngår i grunnlag for grad, vil graden ikkje lenger vere gyldig, og du må levere tilbake vitnemålet.
Framgangsmåte ved mistanke om fusk
Når ein mistanke om fusk oppstår, vil instituttet eller fakultetet gjere undersøkingar, og så vurdere om saka skal sendast til UiBs sentrale klagenemnd for vedtak i første instans.
Du har rett til å sjå saksdokumenta på alle stadium, og rett, men ikkje plikt, til å forklare deg for universitetet skriftleg og munnleg. Du kan under heile prosessen vere representert ved advokat eller annan talsperson. UiB har også eit studentombod (Lenke) som kan rettleie om rettar og plikter.
Dersom instituttet eller fakultetet vel å sende saka til den sentrale klagenemnda for vedtak, dekker UiB dine utgifter til advokat eller medhjelpar frå dette tidspunktet.
Du har også rett til å klage på nemnda sitt vedtak, og klageinstansen er Felles klagenemnd. Klagefristen er tre veker frå du har blitt orientert om vedtaket i første instans. Merk at universitetet i desse tilfella ikkje dekker advokatutgifter dersom vedtaket i førsteinstansen ikkje er utestenging.
Saksgang i fuskesaker
Saleksamen
Når ein eksamensvakt får mistanke om fusk, blir hovudvakta tilkalla. Vedkomande skal registrere hendingsforløpet, ta vare på eventuell dokumentasjon, og informere Studieavdelinga (SA) og skrive rapport om hendinga. SA sender rapporten til det aktuelle fakultetet, og det er fakultetet som har ansvar for utgreiing og eventuell overlevering til den sentrale klagenemnda.
Studenten får fullføre eksamen og skal informerast om at saka blir sendt til fakultetet.
Eksamenssvar og plagiatkontroll
UiB bruker plagiatkontrollprogram som les gjennom eksamenssvara eller liknande, og samanliknar dei med tekst som er tilgjengeleg for elektroniske søk på nett og i oppgåvebasen til UiB.
Programmet genererer likheitsrapportar som må vurderast manuelt. Det er ved den manuelle kontrollen det kan oppstå mistanke om fusk. Rapportar og treffprosent åleine utløyser aldri mistanke, berre merksemda til kontrolløren.
Svaret som krev merksemd blir sendt til institutt/fakultet, eller til ein fuskekomité dersom det finst, kor saka blir utgreidd og eventuelt oversendt den sentrale klagenemnda.
Skriftlege arbeid, undervisarar og sensorar
Det er mogleg å fuske i alle skriftlege arbeid. Når sensor eller undervisar får mistanke om fusk eller plagiat, er det viktig å med ein gong ta vare på grunnlaget for mistanken som dokumentasjon for den vidare rapporteringa og sakshandsaminga. Dokumentasjonen blir lagt fram for fagleg ansvarleg og administrativ leiar, som står for ei utgreiing. Den vanlege sensuren skal samtidig gå som normalt for alle studentane. Ved plagiat er det særleg viktig at UiB si vurdering er forankra i fagmiljøet.
Oversending til den sentrale klagenemnda
Før oversendinga må instituttet og fakultetet ta stilling til om det er grunnlag for fuskesak. I tvilstilfella vil dette vere ei heilskapleg vurdering av eksamenssvaret vurdert mot faglege standardar.
Den som tek avgjerda bør ta stilling til desse elementa, der dei er relevante:
- Omfanget av tekstsamanfall
- Mangel på kjeldetilvisingar
- Mangel på referanseliste
- Kor tett opp til kjelda den skrivne teksten er
- Om studenten har forsøkt å skjule det moglege fusket
- Kor i studieløpet studenten er
- Om det finst fuskehistorikk. Fleire tidlegare tilfelle tel negativt
Innhaldet i oversendinga til klagenemda
Klagenemnda går normalt inn på disse fem elementa, som derfor kan vere ei rettesnor for innhaldet i oversendinga.
Bevis
- Kva viser dokumentasjonen?
- Kva seier studenten?
- Kva er elles kjent om dei faktiske omstenda?
Objektiv vurdering
- Fell det studenten har gjort innanfor fuskeomgrepet?
- Subjektiv skuld
- Har studenten handla grovt aktlaust eller forsettleg?
- Mistyding om reglane
- Kjenner studenten til reglane om fusk?
- Kva tenkte hen om hendingane som førte til mistanken?
- Har universitetet kommunisert klart om akademiske standardar?
Reaksjonsval
Kva for forhold talar for ein streng eller mild reaksjon?
Bevis
Ofte er det forholdsvis enkelt å slå fast kva som har skjedd, fordi teksten som er levert gir eit godt bilete av kva som har skjedd, og det sjeldan er tvil om at det er den aktuelle studenten sjølv som har laga eller levert den. Studenten bør likevel bli spurt om korleis hen arbeidde med teksten, og korleis hen stiller seg til grunnlaget for mistanken om fusk.
Dersom to eller fleire studentar har samarbeidd om tekstar som skal vere individuelle, må ein vurdere korleis samarbeidet har vore. Har dei arbeidd med kvar sine delar, har dei vore saman om alt, eller har dei arbeidd på andre måtar?
Objektiv vurdering
Grensetilfella for den objektive vurderinga av om noko er fusk, kan vere at studenten har levert tekst som vedkomande har levert tidlegare, eller når det er sitert ufullstendig. Det kan også vere tekstlikheit i eit mindre omfang.
Subjektiv skuld
Lova set krav om at fusket må ha vore anten forsettleg eller grovt aktlaust. Stortingskomiteen har uttalt seg om kva dette inneber i Innst. 221 L (2013–2014) side 3, der «Komiteen understreker at det ligger en streng aktsomhetsplikt for studentene ved eksamen.» Høgsterett har uttalte i sin dom HR-2015-1875-A at sitatet er dekkande for aktsemdskravet i fuskeføresegna (avsnitt 54).
Relevante element å vurdere på dette punktet, er om tekstsamanfall skuldast tankelausheit, om studenten har arbeidd på ein måte med stor risiko for tekstsamanfall eller liknande og tatt ein sjanse, har studenten kopiert bevisst. På grunn av det høge aktsemdskravet vil mistydingar sjeldan tale mot fusk, men dette vil variere frå sak til sak og er noko sakshandsamar må ta stilling til. Det kan også ha tyding for reaksjonsfastsettinga.
Reaksjonsfastsettinga
Det er ei rekke moment som kan vere relevante for reaksjonfastsettinga, inkludert:
- Er studenten fersk på studiet eller vidarekomen?
- Er det kopiert lange tekstparti eller kortare delar saman med eige sjølvstendig arbeid?
- Har studenten misbrukt tillit frå andre studentar eller tilsette?
- Grad av skuld
Fakultetet eller instituttet skal gjere ei vurdering av alvorsgrad sjølv om det ikkje må innstille på ein bestemt reaksjon.
Oversendinga til den sentrale klagenemda
Dersom instituttet har konkludert med at saka bør oversendast den sentrale klagenemnda, skal den først til fakultetet. Fakultetet skal kvalitetssjekke oversendinga og vurdere om det er grunnlag for fuskesak. Dette må handterast innan kort tid.
Når saka er sendt til den sentrale klagenemnda, vil sekretariatet sjå over at saka er komplett. Sekretariatet melder frå til studenten om at saka er motteken, inkludert om moglegheita for å gjere sitt syn klart for nemnda. Sekretariatet skriv saksnotat som nemnda skal ta stilling til, saman med alle andre dokument i saka. Nemnda treff vedtak i eige møte. Studenten blir orientert om vedtaket frå sekretariatet.
På kvart av desse stadia kan instituttet eller fakultetet bli bedne om utfyllande dokumentasjon eller vurderingar.