Det første semesteret ved universitetet er lagt opp slik at du skal få ein fagleg, praktisk og sosial start på studietida. Fagleg, fordi examen philosophicum (ex.phil) og forprøver er innføringar i grunntankane innan dei ulike studia. Praktisk, fordi du får innføringar i studiekvardagen og bruk av Universitetsbiblioteket. Sosialt, fordi mye av undervisninga føregår i mindre grupper, der du får høve til å bli kjent med andre studentar.
Universitetet sine plikter og ansvar når det gjeld førstesemesteret, er å:
- Ha eit heilskapleg og integrert opplegg for førstesemesterstudia som gir eit godt fagleg utbyte
- Ha eit studieopplegg som fremjar utviklinga av gode studievanar og arbeidsformer, og som gjer overgangen frå vidaregåande skule lettare
- Gi relevant informasjon om ex.phil, dei fakultetsspesifikke forprøvene og andre obligatoriske og tilrådde innføringsemne
- Tilby alle som melder seg innan fristen plass på seminargrupper på ex.phil.
- Opplyse om reglar for fusk, plagiat og uærlegdom samt konsekvensar og sanksjonar ved brot på desse reglane. Informere om god kjeldebruk/litteraturtilvisning (ekstern lenke) ved UiB
- Ha lett tilgjengelege tenester når du skal melde deg på ex.phil, andre forprøver og emne og gruppeundervisning
- Framstå med god og vennleg sørvis frå universitetet sine tilsette.
Universitetet forventar at du som student:
- Les all tilsendt informasjon til nye studentar, og held deg oppdatert gjennom www.uib.no, Mitt UiB (ekstern lenke), UiBtreet (ekstern lenke)og student-e-posten (ekstern lenke) din
- Følgjer undervisninga og held deg orientert om fristar for innleveringar
- Rettar deg etter reglane for fusk, plagiat og uærlegdom og ha respekt for andre sin produksjon
Universitetet tilrår at du som student:
- Tar ex.phil parallelt med ei forprøve eller andre innføringsemne første semester, slik det er lagt opp til frå universitetet si side
- Tar kontakt med studierettleiar (ekstern lenke)dersom du alt har tatt ex.phil, ei forprøve eller obligatoriske kurs
- Tar i mot og nyttar tilbod som blir gitt om innføring i studieteknikk, kjeldebruk, bruk av bibliotek osv.
- Møter opp til første førelesing eller orienteringsmøte til emne du er oppmeldt til for å sikre deg plass på emnet og for å få nødvendig informasjon
- Følgjer seminartilboda der det er mogeleg
- Gjer deg kjend med Sammen sine tenester (ekstern lenke)