Sørviserklæringa om studentvelferd

Saman med universitetet tilbyr Studentsamskipnaden på Vestlandet (Sammen) mange velferdsordningar for studentar, til dømes bustader, kantinar, trening, rådgivingstenestar, studentprest, barnehagar, helsetenester (inkludert tannlege) og karriererettleiing.

Sammen sine plikter og ansvar når det gjeld studentvelferd:

  • Leggje til rette for lett tilgjengeleg informasjon om kor det er ledige bustader til ei kvar tid via Sammen sine nettsider og ved oppslag
  • Tilby eit lett tilgjengeleg, ernæringsmessig riktig og rimeleg mattilbod
  • Ha eit tilbod som gir høve til fysisk trening og idrettsleg organisering 
  • Gi tilbod om sosialrådgiving og psykisk helseteneste, også på engelsk 
  • Ha ein fagleg oppdatert bokhandel som skaffar deg den pensumlitteraturen du treng
  • Drive barnehagar av høg kvalitet tilrettelagt for studentar
  • Leggje til rette for andre frivillige studentaktivitetar

Sammen forventar at du som student

  • følgjer dei retningslinjene som gjeld for leigeforhold i studentbustadene, og sjølv er med på å skape eit triveleg bumiljø
  • ryddar etter deg i kantinar og fellesareal

Sammen tilrår at du som student

  • skaffar deg informasjon om dei relevante tilboda og fristar og reglar for desse
  • viser ein positiv vilje til å ta vare på idrettsmiljøet ditt, både materielt og sosialt
  • tar kontakt med rådgjevar når du treng det
Sist oppdatert: 24.07.2025