UiB idé for studentar

Er du student og har ein idé om eit nytt produkt eller teneste som kan hjelpe gjere folks liv betre? UiB idé kan hjelpe deg og din idé med råd og finansiering, slik at du kan nå målet.

Bilde
Teikning av lyspære
Foto: UiB

To måtar å søkje på

At ideen må vere innovativ tyder at han må vere knytt til samfunnsnytte og vere ny, samt at det må vere behov for han blant visse brukarar eller samfunnet ellers. Gode idear finst i alle fagmiljø, og kan vere sosiale innovasjonar, innovasjon i offentleg sektor, prosessinnovasjonar, kommersialiseringsprosjekt eller andre typar innovasjon. 

Du kan velge mellom UiB tildig idé og UiB idé.

Tilsette ved UiB finn informasjon om UiB idé her (ekstern lenke). 

UiB tidleg idé

Med UiB tidleg idé er det eit ønskje å få fram idear i ein svært tidleg fase og gjere det lettare å få innovasjonsprosjekt modne nok til å kvalifisere for andre midlar, slik som ei tildeling frå UiB idé, NFR kvalifiseringsmidler eller Innovasjon Norge STUD-ENT midler. Maksimalt støttebeløp er 100 000 kroner for forskarprosjekt, og 25 000 kroner for studentprosjekt. Desse midla blir tildelt fortløpande. 

UiB idé

UiB idé gir tilsette og studentar mogelegheit for å verifisere gode innovasjonsidear, som må utviklast og testast før dei blir utvikla vidare. Maksimalt støttebeløp er 500 000 kroner for forskarprosjekt, og 100 000 kroner for studentprosjekt. Neste søknadsfrist er 14. februar 2027.

Ideen din må være innovativ – det vil si ny, knyttet til samfunnsnytte og noe det er behov for. Gode ideer finnes i alle fagmiljø, og kan være sosiale innovasjoner, innovasjon i offentlig sektor, prosessinnovasjoner eller kommersialiseringsprosjekter.

Begge ordningene bruker det samme søknadsskjemaet og den samme malen for prosjektbeskrivelse

Slik søkjer du

Begge ordningane startar med at du fyller ut søknadsskjemaet og legg ved ei prosjektskisse.

UiB tidleg idé

  1. Send søknad: Fyll ut skjemaet, legg ved prosjektskissa og få godkjenning frå mentoren din. 
  2. Evaluering: Søknadane vil bli avgjorde av rådgivarar på seksjon for innovasjon fortløpande basert på søknadskrav og vurderingskriterium.
  3. Tildeling og gjennomføring av prosjekt: Du får svar om prosjektet ditt mottar støtte innan 1-2 månader etter innsending. Etter endt prosjekt skal du levere ein sluttrapport.

UiB idé

  1. Send søknad: Fyll ut skjemaet, legg ved prosjektskissa og få godkjenning frå mentoren din. 
  2. Første runde av evaluering: I ein første administrativ fase vurderer rådgivarar på seksjon for innovasjon alle forslag opp mot søknadskrava. Deretter evaluerer ein vurderingskomite dei kvalifiserte søknadane. 
  3. Andre rundre av evaluering - pitch: Dei høgast rangerte søknadane blir inviterte til ein presentasjons- og spørsmålsrunde for vurderingskomiteen.  
  4. Tildeling og gjennomføring av prosjekt: Du får svar om prosjektet ditt mottek støtte innan 2-3 måneder etter fristen. Etter endt prosjekt skal du levere ein sluttrapport.

Vurderingskriterium

  1. Utfordring. Kva utfordring skal prosjektet løyse, og kva er tilnærminga til eller løysinga på denne? Kor innovativ er idéen? Kva er nytt? Kor kreativ og ambisiøs er han? Kor solid og modent er forskingsgrunnlaget for idéen? Kor stor er forbetringa i høve til eksisterande løysingar? 
  2. Verdiforslag. Kva er verdien av innovasjonen for den tiltenkte sluttbrukaren og den potensielle verknaden av innovasjonen på samfunnet, hvis han blir realisert. Kva er mulege bruksområde? 
  3. Hovedleveransen av prosjektet. Konkret forklaring av kva ei vellukka gjennomføring av prosjektet vil levere.
  4. Oppfølgingsplan. Kva vil ei vellukka gjennomføring av UiB idé-prosjektet vil muleggjere, og kva skal gjerast med hovudleveransen etter prosjektslutt? Skisser potensielle oppfølgingsplanar og framtidige samarbeid som er naudsynte for å nå måla. Korleis kan prosjektets resultat tas vidare til dei tenkte sluttbrukarane? Kva neste trinn i innovasjonskjeden vil vere tilgjengeleg, og kor realistisk er langsiktig realisering av innovasjonen etter at prosjektet er avslutta i UiB idé?
  5. Prosjektgruppa. Korleis er denne sett saman, og kva kompetanse har ein? (søkjar, laboratorium/forskingsgruppe der prosjektet er forankra, potensielle samarbeidspartnarar og rådgivarar; komplementaritet og innovasjonskompetanse i gruppa). I kva grad finst det ein plan for å involvere relevante eksterne aktørar (partnarar, kundar, interessentar, investorar, mentorar, samfunnsaktørar, etc.). 
  6. Prosjektplan og budsjett. Kva er måla, milepælar, budsjett risiko og risikoreduserande planar, etc. Kor sannsynleg vil dei skisserte måla oppnåast ved å følgje prosjektplanen?I kva grad er budsjett og finansieringsplanar realistiske, kostnadseffektive og tydeleg forankra i planane og ressursbehovet til budsjettet? 
  7. Etikk og berekraft. Kva spørsmål knytte til forskings- og samfunnsetiske krav stiller prosjektet, der dette er relevant? For søknadar med lik kvalitetsvurdering vil effekt på berekraft og miljø blir brukt til å prioritere. 

Søkarar som oppfyller kriteria kan bli inviterte til å presentere prosjektet for ein komite av interne og eksterne medlem, som leverer ei innstilling til UiB-leiinga. Les meir om vurderinga i programnotatet for UiB idé.

Dette kan du søkje om støtte til

  • Materialer/utstyr
  • Kostnadar knytte til innhenting av ekstern kompetanse
  • Leige av inkubatorplass
  • Kostnadar knytte til prototyping

Kostnadar som ikkje blir dekka:

  • Kjøp av varig utstyr, slik som datamaskiner
  • Kostnadar knytte til grunnforskingsaktiviteter 
  • Kostnadar knytte til utviklingskostnader i seinare fasar
  • Kommersialiserings-, marknadsførings- og kommunikasjonsaktivitetar

Merk at som hovedregel skal alle innkjøp gjerast gjennom innkjøps- og fakturaløsningen til UiB. Dei som får tildeling må kontakte innkjøpsansvarleg på sitt institutt.

Rettane til ideen din

Ideen din er trygg hos oss: Handsaminga av din idé vil vere konfidensiell, og innhaldet av ideen vil ikkje bli røpt til uvedkommande. Merk at tittel og samandrag må kunne publiserast offentleg, så ikkje skriv noko som må vere hemmeleg der. Immaterielle rettar (intellectual property rights - IPR) er noko av det ein kan utforske i prosjektperioden. 

For prosjekt det er aktuelt å søkje patent om er det viktig at ideen ikkje er publisert eller offentleggjord, til dømes i artiklar eller presentasjonar på konferansar.

Studenter som har lyktes

Mange gode ideer har startet med en UiB idé-søknad. Her er to eksempler fra studenter ved UiB.

Hjelpesiden.no – samlet oversikt over psykisk helsehjelp

Psykologistudentene Frida Røvik, Mari Aune og Elin Hanevik var bekymret for at det var vanskelig å finne fram i tilbudet av psykiske helsetjenester. Med UiB idé som startpunkt utviklet de hjelpesiden.no – det første tilbudet i Norge som samler oversikten over digital hjelp via telefon, e-post og chat. Tjenesten driftes videre av den ideelle organisasjonen The Human Aspect, slik at den er tilgjengelig på lang sikt.

Urban Ocean – renere vann i byfjordene

Havteknologistudentene bak Urban Ocean bruker lavtrofiske marine arter som et naturlig renseanlegg i byfjordene. Blåskjell og tare filtrerer vannet, tar opp nitrogen og fosfor og skaper skjul for dyrelivet. Etter UiB idé-prosjektet fikk de én million kroner fra Innovasjon Norge gjennom STUD-ENT-ordningen.

Har du spørsmål?

Lilit Mailyan er ei erfaren innovasjonsrådgivar som gir deg gode råd både før og etter at du søkjer. Ho har alltid kaffien klar om du lurer på noko – eller er usikker på om ideen din passar inn i programmet.

Telefonnummer
+47 45 11 69 98
E-post
lilit.mailyan@uib.no
Sist oppdatert: 25.09.2026