Durspel på nye måtar
Anette Thorsheim disputerer 30.9.2026 for ph.d.-graden i kunstnarleg utviklingsarbeid ved Universitetet i Bergen med ph.d.-prosjektet "Rammer og rom - Utvikling av toradarspel med utgangspunkt i overføring av låtspel frå hardingfele/fele".
Om avhandlingen
Ph.d.-prosjektet Rammer og rom er eit doktorgradsprosjekt i kunstnarleg utviklingsarbeid som undersøkjer og vidareutviklar spel på durspel (toradar/treradar) med utgangspunkt i bygdedans på hardingfele og fele i Vestland og Hedmark. Temaa har vorte undersøkt gjennom overføring, utprøving og utøving, komponering av nye låtar og spel med dans. Utforskinga er gjennomført solo og i samspel med Jeanette Evansson, fele/hardingfele, med Jonas Åkerlund, feler m.m., og med dansarane Håkon Dregelid og Ami Dregelid. Tittelen Rammer og rom, inspirert av professor i kulturfilosofi Mikkel B. Tin, viser til det kunstnarlege handlingsrommet innanfor ein spesifikk sjanger. Prosjektet undersøkjer kva som vert opplevd som mest vesentleg i låttypane, kor rommet for variasjon finst og kva kunstnarlege val som vert gjort i overføringa frå hardingfele og fele til treradar. Ein sentral del av arbeidet handlar om samspelet mellom musikk og dans: Kva gjer spel dansbart, og kva gjer dans spelbar?
Arbeidet har resultert i plateutgjevingane: nedstilt, ÖSTOM VESTOM, Spel med dans dans med spel, Geiteleiken, undervisningsverket Tone for tone og utviklinga av ein ny «to-i-ein-treradar» i samarbeid med den franske instrumentmakaren Emmanuel Pariselle. Refleksjonsdelen av prosjektet består av tekstar som undersøkjer prosessane fram mot dei ulike kunstnarlege resultata, og plasserer prosjektet i ein kunstfagleg kontekst.
Les mer om ph.d.-prosjektet i Research Catalogue (ekstern lenke)
Om kandidaten
Anette Thorsheim (f.1980) er folkemusikar med utdanningsbakgrunn frå Kungliga Musikhögskolan i Stockholm og Høgskulen i Telemark. Doktorgradsarbeidet er utført ved Fakultet for kunst, musikk og design, Griegakademiet - Institutt for musikk, under rettleiing av Sigbjørn Apeland (Universitetet i Bergen), Ami Dregelid (Stockholms konstnärliga högskola / Kungliga Musikhögskolan i Stockholm) og Susanne Rosenberg (Kungliga Musikhögskolan i Stockholm).
År
2026