Om avhandlingen

Å bli forelder bringer med seg mange opplevingar, endringar og ansvar. Eit samspel mellom kjenneteikn ved foreldra og barna, familiens livssituasjon, og samfunnet rundt former korleis foreldre opplever og tilnærmar seg foreldrerolla. Til dømes kan foreldra sine barndomsopplevingar, sosioøkonomisk status, og barnas utviklingsnivå påverke foreldres opplevingar og foreldrepraksis.

Avhandlinga består av tre studiar som inkluderer foreldre med barn i alderen 0-11 år. Samla sett viser funna at ei rekke individuelle, relasjonelle og kontekstuelle faktorar kan forme foreldres åtferd og opplevingar i foreldreskapet, og understrekar betydninga av foreldra sin livssituasjon.

Den første studien undersøker korleis ein norsk versjon av eit spørjeskjema fungerer, blant foreldre med barn i alderen 0-18 månadar. Spørjeskjemaet måler opplevd meistring i foreldrerolla og ser ut til å fungere godt, spesielt blant foreldre med barn i alderen 0-6 månadar, som er hovudmålgruppa. Den andre studien utforskar samanhengar mellom økonomisk belastning blant foreldre med spedbarn, og fire sentrale aspekt ved foreldrerolla; psykisk helse, foreldrestress og opplevd meistring. Funna viser at det ved høgare grad av økonomisk belastning var større sjanse for å oppleve psykiske helseplagar og foreldrestress, samt lågare grad av opplevd meistring. Den siste studien undersøker foreldrepraksis og foreldre-barn relasjonen blant mødre med barn (5-11 år) som har opplevd vald og overgrep. Mødrene rapporterte høg grad av positiv samhandling med barna sine, høg grad av varme og nærleik og relativt lite konflikt i foreldre-barn relasjonen, og at dei i liten grad har ein inkonsekvent oppdragerstil. Mødrene med eigne erfaringar med vald og overgrep rapporterte høgare grad av konflikt i foreldre-barn relasjonen enn mødrene utan slike erfaringar. Desse funna understrekar at familiar har styrkar og utfordringar som det er viktig å ta omsyn til når ein skal undersøke foreldrerolla og utvikle tiltak for familiar.

Om kandidaten

Marit Burkeland-Lie har bachelorgrad i sosialantropologi (Universitetet i Bergen; UiB) og mastergrad i samfunnsarbeid (Høgskulen på Vestlandet). Doktorgradsarbeidet er gjort ved Avdeling for helsefremmende arbeid ved Folkehelseinstituttet (FHI) og Institutt for samfunnspsykologi ved Det psykologiske fakultet, UiB. Arbeidet er eit samarbeid med Stine Sofies Stiftelse (SSS), finansiert av Gjensidigestiftelsen. Rettleiarar er Jens Christoffer Skogen (FHI), Mari Hysing (UiB) og Anders Dovran (SSS).

År

2026