Om avhandlingen

Befolkningsstudiar tyder på at inntak av fisk kan redusera risiko for utvikling av hjartekarsjukdom og diabetes type 2. For å stadfeste desse samanhengane er det naudsynt å gjere studiar som undersøker om fiskeinntak kan ha direkte verknad på risikofaktorar for utvikling av hjartekarsjukdom og diabetes type 2, som høgt LDL-kolesterol, lågt HDL-kolesterol og høgt blodsukker. Målet med dette prosjektet var å undersøka om inntak av oppdrettslaks med lågt innhald av omega-3-feittsyrer og villfanga torsk kunne påverke blodsukkerreguleringa i friske vaksne personar med overvekt eller fedme, og kolesterolreguleringa i rotter med fedme.Eit klinisk studie vart gjennomført i dette prosjektet, der 183 deltakarar åt anten laks, torsk eller magert kjøt til middag tre gongar i veka i tolv veker. I tillegg vart det gjennomført to rotteforsøk, der rottene fekk diettar som innehaldt laksefilet eller torskefilet i fire veker. Vi fann ikkje haldepunkt for at eit moderat inntak av oppdrettslaks med lågt innhald av omega-3-feittsyrer eller villfanga torsk påverka reguleringa av blodsukker i friske personar med overvekt eller fedme. I rotter med fedme gav inntak av både laks og torsk lågare kolesterolverdiar i blodet.

Om kandidaten

Linn Anja Slåke Vikøren (f. 1986) kjem frå Rosendal i Hordaland, og tok utdanningane bachelor i human ernæring og master i klinisk ernæring ved Universitetet i Bergen (2011). Doktorgradsarbeidet har vore gjennomført ved Klinisk Institutt 2 under rettleiing av Dr. Oddrun Anita Gudbrandsen. Prof. Jutta Dierkes og Prof. Gunnar Mellgren har vore medrettleiarar.

År

2018