Om avhandlingen

Indikatorar for svolt er blant dei mest sentrale måleinstrumenta innan bistand og utvikling. Forskingslitteraturen kring politiske dimensjonar ved måling av svolt er likevel atterhalden. Denne avhandlinga freistar å fylle eit tomrom ved å undersøke korleis slik global statistikk er knytt saman med det politiske landskapet som omsluttar den. Det gjer den ved å studere to indikatorar som blir publiserte av Dei sameinte nasjonar (SN) og er integrerte i Bærekraftsmåla (SDGane).Indikatoren Prevalence of Undernourishment er SN-systemet sin flaggskipmetode for å måle global svolt. Avhandlinga skildrar utviklinga av metoden frå 1946 og fram til i dag. Ho syner især korleis ei rekke tekniske endringar har støtta opp om omskiftelege narrativ kring kampen mot underernæring. Ny tilgong til spørjeundersøkingar frå Kina i 2020 tillot til dømes SN-systemet å gi indirekte stønad til kinesiske styresmakter sin forteljing om utrydding av ekstrem fattigdom innanlands.Den andre indikatoren som har blitt valt for å måle bærekraftsmål SDG 2.1 er Food Insecurity Experience Scale. Det var mykje usemje kring kva indikatorar som burde bli valt for å måle SDG 2.1, men prosessen var likevel prega av stiavhengigheit: Kompleksiteten i å kvantifisere mattryggleik favoriserte etablerte ekspertisemiljø, og låste SN sine indikatorar i posisjon. Indikatorane for SDG 2.1 definerer mattryggleik ut frå tilgjenge av kaloriar samt individuell erfaring, og ekskluderer dermed demokratisk medverknad og bærekraft. Avhandlinga argumenterer for å inkludere meir variert ekspertise i prosessar for å lage indikatorrammeverk.Indikatorar bør ikkje bli valte på grunnlag av dominansen til enkelte organisasjonar, men snarare reflektere demokratiske prioriteringar. Å kaste lys over fleire aspekt ved mattryggleik gjennom statistikk er viktig for å få til eit slikt skifte. Vi behøver difor ein større variasjon av målemetodar og datainfrastruktur, samt større gjennomsiktigheit i korleis slik statistikk vert laga.

Om kandidaten

Thor Olav Iversen er ein doktorgradsstipendiat ved Senter for vitenskapsteori på Universitetet i Bergen. Han jobbar for augeblikket som journalist og kommentator i Agenda Magasin. Tidlegare har Iversen vore tilsett som forskingsassistent ved Chr. Michelsen Institutt, samt humanitær bistandsarbeider i FN-organisasjonen Verdas matvareprogram. Etter disputasen startar han i ei stilling som seniorforskar ved Norsk utenrikspolitisk institutt (NUPI). 

º

År

2023