Kva gjer KI med biletet vårt av menneske og framtida?
Fartein Hauan Nilsen disputerer 16.10.2026 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen «The Affective Machine».
Om avhandlingen
Kva gjer kunstig intelligens med korleis me førestiller oss menneske og framtida? Hausten 2022 reiste Fartein Hauan Nilsen til San Francisco-bukta for å leite etter svar blant utviklarane av teknologien. Kort tid etter at han hadde etablert seg i byen lanserte Open AI språkmodellen Chat GPT, og kunstig intelligens vart brått noko alle snakka om. Dei neste tretten månadene følgde han KI-bølgja som skylde over San Francisco-bukta på bakken. I løpet av feltarbeidet møtte han utviklarar av samtalerobotar, folk i intime parforhold med slike robotar, kunstnarar som nytta dei i kunsten sin, og eit miljø i Berkeley som fryktar at kunstig intelligens kjem til å utrydde menneskeslekta.
Det Nilsen beit seg særskilt merke i var det kjenslemessige som sirkulerte kring teknologien. På ei side vart desse samtalerobotane brått venta å vere kjenslemessig kompetente, kanskje til og med meir kompetente enn faktiske menneske. Sjølv om dei var laga for å vere nyttige verktøy og assistentar, vart dei også raskt sette til å trøyste og forstå, og til og med sett på som vener. På den andre sida var heile KI-bølgja lada med kjensler som begeistring og undring, men også like mykje uro og frykt over kva teknologien vil bety for framtida.
Denne doble rørsla kallar Nilsen «den affektive maskinen». Omgrepet er meint å famne samspelet mellom ein maskin, altså samtaleroboten, som er laga for å møte kjenslene dine, og eit mykje større maskineri som sjølv går på kjensler. Viktige komponentar i dette større maskineriet er individuelle møte med samtalerobotar, selskapa som lagar dei, pengane som vert investerte og forteljingane om kva teknologien snart skal bli. Nilsen meiner at den affektive maskinen får bestemte framtidsbilete til å framstå som meir truverdige enn andre, særleg ideen om at kunstig intelligens kjem til å utrydde menneskeslekta. Det er eit framtidsbilete som nyleg har spreidd seg globalt og også nådd den norske offentlegheita og som pressar ut andre viktige debattar kring teknologien.
Om kandidaten
Fartein Hauan Nilsen (f. 1994) er fødd og oppvaksen på Stord. Han har mastergrad i sosialantropologi frå Universitetet i Bergen, og har gjennomført doktorgradsarbeidet ved Institutt for sosialantropologi (UiB) knytt til forskingsprosjektet «Human Futures». Rettleiarane hans har vore professor Annelin Eriksen og professor Roger Strand.
År
2026