Om avhandlingen

Sidan 1998 har medikamentell abort vore tilgjengelig i Noreg. Ei gjennomgang av 15 år med medikamentell abort viser at dette er ein effektiv og trygg måte å avslutta eit uynskt svangerskap.Løkeland har analysert data frå 223.692 kvinner som søkte abort mellom 1998 og 2013, registrert i Abortregisteret. Analysane viser at ein i denne perioden hadde ei tilnærma total omlegging av behandlingsmåte frå kirurgi til tablettar. I 2013 vart 82,1 prosent av alle abortar i Noreg utført medikamentelt, mot 5,9 prosent i 1998.Dette har gitt betre tilgang på abort. Kvinner som tar medikamentell abort får utført inngrepet tidlegare i svangerskapet enn dei som får utført kirurgisk abort. Andelen sjølvbestemte abortar utført før 9. veke har i perioden auka frå 44 prosent i 1998 til 77,8 prosent i 2013. Ventetida frå kravet om abort er registrert til abort er utført, har i same periode falt frå eit snitt på 11,3 til 7,3 dagar.Ei nasjonal kartlegging viste at norske avdelingar tilbyr eit breitt tilbod for avbryting av svangerskap, i tråd med nasjonale og internasjonale retningsliner. Innan tre år frå 1998 kunne halvparten av alle avdelingar i Noreg tilby medikamentell abort, i 2010 var det tilgjengeleg ved alle avdelingar.I arbeidet inngår også to kliniske studiar ved Kvinneklinikken, Haukeland Universitetssjukehus, der ein innførte medikamentell abort som heimebehandling opp til ni veker, og medikamentell abort i 9.-12. veke. Ein fann at heimeabort er ei akseptabel og føretrekt behandlingsform for kvinnene, som kan verte tilbydd uavhengig av reiseavstand til sjukehuset, og at medikamentell abort også i veke 9-12 er ei effektiv og akseptabel behandling. Frå 2008 var det ein raske auke i talet på avdelingar som kunne tilby både heimeabort og medikamentell abort i veke 9-12. I 2012 var heimeabort tilgjengeleg ved 92,1 prosent av alle norske avdelingar, mens 84,4 prosent kunne tilby medikamentell abort i veke 9-12. 

Om kandidaten

:Mette Løkeland er fødd i Trondheim i 1971. Ho er cand.med frå Universitetet i Oslo i år 2000 og vart godkjend spesialist i Fødselshjelp og kvinnesjukdomar i 2008. Ho er tilsett som overlege ved Abortregisteret, Folkehelseinstituttet (20 prosent). Avhandlinga utgår frå Klinisk Institutt 2, Universitetet i Bergen, der ho var tilsett som stipendiat frå 2010-2014. Rettleiarar har vore professorane Line Bjørge og Ole-Erik Iversen.

År

2015