Om avhandlingen

Silkevegen har tradisjonelt blitt sett på som eit nettverk av handelsruter og kontakt som strakk seg frå aust til vest i Eurasia og batt saman det kinesiske Han riket med Romerriket. Avhandlinga til Tomas Larsen Høisæter undersøkjer oasekongedømme Kroraina, også kjent som Shanshan, i det søraustlege hjørnet av Tarimbekkenet i dagens Xinjiang i Kina, og spør kva kjeldene frå dette kongedømmet kan fortelje om korleis det berømte Silkevegnettverket fungerte i seinantikk tid, 200 til 500 e.v.t.Studien baserer seg på det særleg rike kjeldematerialet tilgjengeleg frå kongedømmet Kroraina i denne perioden. Grunna dei tørre ørkenforholda i Tarimbekkenet har nemleg særleg mykje blitt bevart frå kongedømmet Kroraina, inkludert ruinane av oase-byar, inntørka jordbrukslandskap, rike graver, stupa og festningsverk. Men dei viktigaste kjeldene for avhandlinga er dei nesten ni hundre lokalproduserte dokumenta funne i Kroraina. Desse vart skrivne med skriftsystemet Kharosthi på språket Gandhari og Høisæter har i løpet av arbeidet sitt systematisert desse dokumenta i ein database. Basert på dette rike kjeldematerialet ser avhandlinga nærare på dei økonomiske tilhøva i kongedømmet, kva spor det finst av import og til slutt i kva grad kongedømmet var involvert i Silkeveghandelen.Høisæter viser i avhandlinga korleis kongedømmet Kroraina hadde eit komplekst økonomisk system strukturert og oppretthalde av kongedømmets rettsvesen. Avhandlinga viser også korleis kongedømmet Kroraina og andre mindre statsdanningar i Sentral Asia spela ei sentral rolle i å skape og oppretthalde Silkevegnettverket. Dette gjorde dei gjennom å tilby praktiske løysingar på dei store utfordringane som reise og handel gjennom det ville landskapet i Sentral Asia førte med seg. Avhandlinga konkluderer med å føreslå ein ny modell for korleis ein skal forstå Silkevegen-fenomenet, ein modell som legg vekt på samspelet mellom nettverk og handel på forskjellige nivå.

Om kandidaten

Tomas Larsen Høisæter (f. 1989) har bachelorgrader i historie og japansk, og tok mastergrad i historie ved Universitetet i Bergen. I 2015 i forkant av doktorgraden hadde han eit eittårig prosjekt som omhandla kjeldestudium og studium av sogdisk språk ved Universitet i Kyoto rettleia av professor Minoru Inaba. Avhandlinga er rettleia av professor Jørgen Christian Meyer.

º

År

2020