Om forskargruppa

Medlemmene har ei felles interesse for utviklinga av rettslege og kulturelle praksisar knytt til dei historiske prosessane som gjekk føre seg i Nord-Europa (fastlands-Skandinavia så vel som øyane i Nord-Atlanteren), inkludert, men ikkje avgrensa til politiske, administrative, kulturelle og økonomiske fenomen, produksjon og spreiing av rettskodar, og samspelet mellom normdanning og statsdanning. Gruppa undersøkjer desse emna frå filologiske, historiske, juridiske og politiske perspektiv, og tek mål av seg til å utvikla eit meir nyansert bilete av samspelet mellom kulturelle og rettslege utviklingar i førmoderne tid.

The Norse Files (podcast)

The Norse Files er ein podcast frå forskagruppa og Transformations of Medieval Law-prosjektet. Podcastens første sesong tek for seg norsk middelalderhistorie frå byrjinga av borgerkrigstida i første halvdel av 1100-tallet og fram til Magnus Lagabøtes død. Podcasten er spelt inn på engelsk for eit engelskspråkleg publikum, og er tilgjengeleg på Spotify.

Medverkande

Opplesar: Patrick Farrugia
Forfattarar: Helen Leslie-Jacobsen, Ole-Albert Nordby og Julian Valle
Produsent: Anders Bibow Olsen
Podcast koordinator: Vegard Sørhus 

Personar

Gruppeleiar
Gruppemedlemmer