Bakgrunn

Prosjektet “Juniorforskar” byggjer på ein etablert metode kalla “Youth Participatory Action Research” (YPAR). Målet er å bidra til positiv ungdomsutvikling og å gjera ungdom engasjert i å skapa endringar i eigne liv og i samfunnet gjennom medverknad. Prosjektet gjev elevane nokre verktøy, samt nyttige erfaringar som kan styrka (empower) deira syn på kva ungdommar kan få til. Dei kan få kjensla av at dei er ein viktig del av samfunnet, der det er dei sjølve som er ekspertar på eigne liv der deira stemme er viktig!

Hovudinnhaldet i prosjektet

Ungdom si stemme

Ungdom sine meiningar er viktige. Samfunnet må på fleire områder verta flinkare til å inkludera ungdom si stemme når val og avgjersler skal takast.

Kritisk tenking

Kritisk tenking handlar om å stilla spørsmål, vera i dialog, bringa inn nye perspektiv og å lausrive seg frå reproduksjon av fakta. Denne måten å jobba på krev trening og kunnskap både hjå lærarar og elevar.

Utforska/forska

Å utforska ei problemstilling er ein måte å inkludera elevane som aktive deltakarar. Slik får dei ikkje berre ny kunnskap, men elevane kan også utvikla ferdigheiter og haldningar som er naudsynte for å oppnå handlingskompetanse.

Medverknad

Medverknad inneber meir enn å få seia meininga si, det handlar om å få bruka eigen kunnskap og innsikt til å påverka. Medverknad betyr ikkje naudsynt å få det slik ein ynskjer, men synspunkta skal synleggjerast og takast med i vurderingane.

Relasjonsbygging

Det å byggja relasjonar mellom lærar og elev, samt mellom elevane, er ein faktor som kan vera viktig for å lukkast med eit slikt prosjekt. Dette kan ein oppnå ved å nytta strategiar og øvingar som fremjar deltaking og tillit, og å fokusera på samarbeid og positiv kommunikasjon. Dømer på dette kan vera å blanda grupper på tvers av ulikskap, sitja i sirkel og å utføra nokre av dei føreslegne øvingane til prosjektet.

Nasjonalt folkehelseprogram

Program for folkehelsearbeid 2017-2027

Dette er ei tiårig satsing for å utvikla kommunane sitt arbeid med å fremja helse og livskvalitet blant barn og unge frå 0 til 24 år. Programmet skal særleg bidra til å integrera psykisk helse som del av det lokale folkehelsearbeidet og å fremja lokalt rusførebyggjande arbeid

Vestland fylkeskommune

Våren 2018 vart Vestland fylkeskommune teke opp som programfylke, der Juniorforskar er eitt av åtte prosjekt som deltek i programmet. Vestland fylkeskommune legg opp til at fleire kommunar kan søkja seg inn i programmet frå 2020. 

Tiltak og evalueringsopplegg

På forebygging.no finn du meir informasjon om tiltak og evalueringsopplegg som er sette i gang i kommunar rundt omkring i landet som del av programsatsinga. Omtalen av dei ulike tiltaka gjev nyttig informasjon og inspirasjon til kommunar som møtar same type utfordringar. 

Teorigrunnlag

Positiv ungdomsutvikling

Denne teorien har eit fokus på ungdommar sine styrkar og dei positive kvalitetane ein ynskjer å fremja hjå ungdommar. Positiv ungdomsutvikling byggjer på teoriar som viser at dersom ungdom har eit gjensidig og fordelsaktig forhold til personane rundt seg, vil det fremja ei positiv utviklng. Innsatsen er retta mot å styrka ressursane til ungdommane.

Modellene “Dei 5 C’ane” er den teorien med mest empirisk støtte innanfor positiv ungdomsutvikling. Dei 5 C`ane tyder:
* Competence – akademiske, sosiale og kognitive ferdigheiter
* Caring – medkjensle, omtenksom
* Confidence – sjølvtillit, positivt sjølvbilete, sjølvrespekt
* Character – respekt og moral
* Connection – binde saman, positive og gjensidige relasjonar

Fremjing av desse eigenskapane kan også bidra til at ungdommar deltek meir og vert meir aktive. Ein elevsentrert og deltakande pedagogikk i skulen der ein byggjer på ungdommane sine ressursar kan styrka elevane si kjensle av meining, motivasjon og tilknyting til skulen

YPAR

“Youth-led Participatory Action Research” spring ut frå eit stort fagfelt som fokuserar på aktiv medverknad gjennom heile prosessen. Det gjeld deltaking av personar både innanfor forsking, utarbeiding av tiltak og i evaluering. Felles for dette fagfeltet er ei verdsetjing av meiningane til dei som faktisk opplever ulike saker og problem, der det å bli høyrd og teke på alvor kan opplevast som positivt for dei som er involvert. Det er også ei felles forståing av at samarbeid med personar i samfunnet vil føra til betre og meir treffsikre tiltak.

Demokrati og unge si rett til å bli høyrd i saker som angår dei er difor essesnsielt i YPAR. Dette er ikkje berre viktig i seg sjølv, men kan også bidra til positiv utvikling og kan skapa meir engasjement og motivasjon i skulekvardagen. Resultat og erfaringar frå slike prosjekt som har vorte gjort i USA viser at elevane utviklar ferdigheiter innan leiarskap og akademiske-, sosiale-, kritisk tenking-, mellommenneskelege- og kognitive ferdigheiter

Empowerment

Empowerment har sine røter i frigjeringsrørsler og blant undertrykte grupper, der empowerment handla om å utjamne maktfordelinga. Empowerment kan forståast som ein prosess som gjer folk i stand til å ta meir kontroll over eigne belutningar og handlingar som påverkar liva og helsa deira.

Empowerment handlar om å få i gang prosessar og aktivitetar som kan styrka folk si oppleving av sjølvkontroll, sjølvkjensle, kunnskap og ferdigheiter. I dag vert omgrepet kanskje mest omtala som styrking, brukarmedverknad eller myndiggjering.

I samanheng med Juniorforskarprosjektet handlar empowerment om å fremja ungdommane si stemme og å engasjera dei til å skapa endring på skulen og i lokalsamfunnet. For den enkelte kan empowerment visa seg gjennom auka motivasjon til å ta kontroll, betre evne til problemløysing og å ta avgjersler, kritisk forståing av sosiale og politiske forhold, samt meir deltakande åtferd.

Historikk

Frå USA til Noreg

Årlege elevundersøkingar, UngData frå 2016/2017 og LP kartlegginga frå 2016 (læringsmiljø og pedagogisk analyse) er alle kjelder til informasjon om korleis barn og unge opplever kvardagen sin. I desse undersøkingane er det spørsmål om skuletrivsel, mobbing, psykisk helse, nærmiljø, levevanar med meir. Undersøkingane viser at ungdom i Hardanger, Voss og Samnanger har dei same utfordringane som andre stader. Om me går lenger inn i tala er det sjølvsagt lokale variasjonar, men i det store biletet er mykje likt.

I tillegg til desse undersøkingane har det i Kvam vore ein eigen idédugnad kring søknad om opptak som programkommune i høve nasjonalt folkehelseprogram. Fleire frå ungdomsrådet, samt ulike tenester i kommunen, bidrog med innspel til søknaden. Bodskapen frå møtet er hjelp til  «å letta på presset». Kva press snakkar me om? Kva skal til for å letta på presset? Det er mange faktorar som bidreg til det presset som ungdom snakkar om og det er følgjeleg mange tiltak som kan bidra til å letta på presset. For å setja i gang tiltak med best mogleg effekt må ungdommane i større grad enn før inkluderast i alle fasar av arbeidet. Det er ungdom som har skoen på og som kjenner sin kvardag best.

Forsking som bygger på teorien om positiv ungdomsutvikling fokuserer på ungdom sine styrker, ressursar og moglegheiter for deltaking. Kunnskapsoppsummeringar av helsefremjande tiltak i skulen viser at det å involvera og aktivisera ungdom, ta deira stemme på alvor og gje dei medansvar er viktig for motivasjon, inkludering, trivsel og engasjement. Ikkje minst gjev lærarane positive tilbakemeldingar på kva dei unge får til gjennom aktiv deltaking– og den positive utviklinga dei ser.

Forskarar ved institutt for Hemil i Bergen (UiB) har gjennom samarbeid med andre forskingsmiljø i Portugal (Dream teens) og USA (Youth Participatory Action Research -YPAR) vorte kjent med dette prosjektet som me har vald å kalla Juniorforskar (Ozer, 2017). Forskingsleiar i prosjektet, Ingrid Holsen har vore fire veker i Berkeley for å besøka skular, observera YPAR i praksis og snakka med elevar og lærarar. Professor Emily Ozer er forskingsleiar for YPAR-prosjektet ved Berkeley. Holsen var òg med i startfasen av utviklinga av ei nettside ved Universitetet i Berkeley (www.yparhub.berkeley.edu). Utvikling og tilpassing av prosjektet er, i samråd med lærarar og elevar frå Vestland fylke, basert på erfaringar og innhald frå USA og Portugal. Døme på tema i tidligare juniorforskar-prosjekt er; redusera skulestress, fremja samarbeid mellom ulike kulturar, vurdering og evaluering av læringsmetodar og nettmobbing.

Prosjektgruppa

Juniorforskarprosjektet er eit samarbeid mellom Hardangerkommunane (Kvam, Ullensvang, Ulvik og Eidfjord), Voss herad, Samnanger kommune og Universitetet i Bergen. Prosjektleiinga er samansett av forskar og professor Ingrid Holsen ved HEMIL-senteret, Reidun Braut Kjosås folkehelserådgjevar i Kvam herad og prosjektmedarbeidar Anita Finne. I utarbeiding av prosjektet har ei gruppe lærarar og elevar delteke og hatt ei aktive rolle i utviklingsarbeidet saman med prosjektleiinga.

Sist oppdatert: 02.09.2025