Gjennomføring

I løpet av prosjektet går ein gjennom alle stega i ein forskingsprosess. Dei ulike delane inneheld eit godt beskrive opplegg med informasjon om kva ein treng for å gjennomføra dei. Klikk på dei ulike delane for å lese meir.

Bilde
Bilde av et lyspære
Foto: Colourbox

Prosjektet er bygd opp av 6 delar

Del 1- Introduksjon til Juniorforskarprosjektet

I dette prosjektet er det elevane sjølv som bestemmer kva dei skal forska på og kva dei ynskjer å påverka. Elevane jobbar saman for å undersøka eit tema og nyttar informasjonen som vert samla inn til å informera og koma med forslag til løysingar. Forskinga og ekspertisen kjem her frå personane saka faktisk omhandlar, framfor å koma frå dei vitskaplege eller akademiske miljøa.

Del 2- Val av tema og forskingsspørsmål

No skal tema og retning for prosjektet avgjerast. Her er det viktig å leggja til rette for ein god prosess der alle deltek. Elevane skal i størst mogleg grad koma fram til tema og forskingsspørsmål sjølv, men lærar har her ein viktig rolle som støttespelar. Dersom elevane har vanskar med å koma med forslag til tema må lærar gjerne visa til resultat frå Ungdata, elevundersøkingar eller liknande for å hjelpa dei på veg.

Del 3- Metodar for å samla data

Her er målet å få litt erfaring med ulike metodar innan forsking og å forstå fordelar og ulemper med dei. Elevane skal innom ulike stasjonar for å verta betre kjend med dei tre metodane: spørjeundersøking, intervju og fotostemme. Når metodestasjonane er gjennomført skal elevane velja kva slags metode dei ynskjer å bruka i sitt forskingsprosjekt.

Del 4- Datainnsamling

Kvar gruppe må no gjera ulike forberedingar før dei kan setja i gang med sjølve datainnsamlinga. Informasjon om kva dei ulike gruppene må gjera finn ein her.

Del 5- Analysera datamaterialet

I denne delen av prosjektet skal elevane sjå nærmare på informasjonen dei har samla inn, anten det er data frå intervju, spørjeundersøkingar eller bilete dei har teke. Kvar gruppe skal analysera og koma fram til nokre hovudfunn frå undersøkinga dei har gjennomført. 

Del 6- Formidling

Det er ulike måtar å formidla informasjon og kunnskap på. Dei ulike gruppene vel sjølv korleis dei ynskjer å presentera sine resultat og kven dei ynskjer å nå ut til. Forslag til ulike måtar å presentera forskinga på samt nyttige tips finn de nedanfor. Elevane må gjerne koma opp med eigne idear til korleis dei vil gjera det. 

Sist oppdatert: 02.09.2025