Rusforebygging i Bergen kommune
Stipendiat: Olin Blaalid Oldeide
Om forskningsprosjektet
Kva gjer ein kommune for å hindre at ungdom fell utanfor samfunnet? Korleis kan ein hjelpe dei opp att når dei først har falt? Einsemd, rusproblem, vanskar i familien og psykiske plagar trugar helsa til denne ungdommen.
Folkehelselova understreka kommunen sitt ansvar for helsa til innbyggarane. For kommunen er med på å forme liva til ungdommen kvar dag gjennom ulike etatar; legen som behandlar, sosialarbeidaren som støtter og læraren som underviser. Dermed har kommunen ikkje berre eit ansvar, men unik moglegheit til å hjelpe.
Doktorgradsprosjektet var utforma som eit case-studium med eit djupdykk i Bergen kommune som rusforebygger. Prosjektet bygga på ei helsefremmande tilnærming der ein både undersøker det tverrsektorielle samarbeidet mellom dei relevante aktørane og korleis ein arbeidar ressursbasert med risikoutsett ungdom.
For å undersøke strukturane for rusførebygging på kommunalt nivå har ein gjennomført intervju med den ansvarlege politikaren, dei kommunale byråkratane og sosialarbeidaren som hjelper ungdommane. Og sist, men ikkje minst, vart det gjennomført fokusgrupper med ungdommane sjølve om deira opplevingar.