Jubileumsseminar: Nordterm 50 år og EAFT 30 år!
Den nordiske terminologiorganisasjonen Nordterm feirar i år 50 år, medan European Association for Terminology (EAFT) feirar 30 år. Saman med Nordterm og EAFT ønskjer Fagspråksenteret og Termportalen å markere dette med eit heildagsarrangement fredag 4. september 2026.
Publisert: (Updated: )
Det overordna temaet for seminaret er «Språkleg berekraft og beredskap» og det blir arrangert i samarbeid med Nordterm (ekstern lenke) og EAFT (ekstern lenke). Programmet vil innehalde ulike faglege innlegg om temaet, jubileumsfeiring og sosiale innslag. Jubileumsseminaret vil vere ein god måte å markere viktigheita av fagspråk, og då spesielt språkleg berekraft og beredskap i ei tid med aukande internasjonal uro.
Meir informasjon om program og påmelding kjem etter kvart, men alle interesserte er med dette bedne om å halde av datoen.
Jubileumsseminaret vil bli arrangert i tilknytning til NeoTerm 2026 – The second International Workshop on Terminological Neologism Management (ekstern lenke), organisert av ENEOLI den 3. september 2026.