Om forskingssenteret

For å kunne delta i utdanning, arbeidsliv og ein demokratisk samfunnsdebatt treng me eit velfungerande norsk fagspråk.  Fagspråksenteret skal utvikle ny, empirisk kunnskap om rolla fagspråket spelar i samfunnet, korleis det fungerer, blir lært og brukt i ulike kontekstar. Målet er å styrke norsk som eit samfunnsberande språk i møte med digitalisering, globalisering og aukande bruk av engelsk.

Frå 2025 og i åtte år framover vil senteret samle forskarar frå heile landet og fleire fagfelt – frå leksikografi, terminologi og fagspråk, namnegransking, norsk som andrespråk og fleirspråklegheit, til helse- og omsorgsfag, berekraft, meteorologi, og sikkerheit og samfunnsberedskap. I fokus står utvikling av teori, metode og praksis som styrkjer norsk språkforsking og fleksible og berekraftige studietilbod. 

Me vil studere korleis fagspråk blir brukt i utdanning, forsking og arbeidsliv – og kva som skjer når norskkompetansen ikkje strekk til. Me skal òg undersøke korleis engelsk påverkar norsk fagspråk og utvikle strategiar for parallellspråkbruk tilpassa eit fleirspråkleg norsk samfunn. 

Språkteknologi er integrert i forskinga, og me utviklar språkdata som støttar utviklinga av norske språkmodellar. Senteret bidreg med forsking knytt til leksikografiske, namnefaglege og terminologiske ressursar ved Språksamlingane. 

Samarbeid

Fagspråksenteret skal fremje samarbeid mellom ulike forskingsmiljø knytt til norsk språk, både med omsyn til geografi, sektorar og forskingsfelt. Ei rekke forskningsinstitusjonar, brukargrupper i offentlig og privat sektor, språkforskarar og UiB sine eigne språkressursar inngår i samarbeidet ved senteret.

Les meir om samarbeidet ved Fagspråksenteret

Bakgrunn

For at norsk skal kunne oppretthaldast som eit fullverdig og samfunnsberande språk i Noreg, la regjeringa i 2023 fram ein handlingsplan for norsk fagspråk i akademia (ekstern lenke). Der er det overordna målet at «domenetapet til engelsk skal motverkast og etter kvart bli snudd», og  universitets- og høgskulesektoren (UH-sektoren) er peikt ut som sentral for å motarbeide domenetap. 

Les meir om bakgrunnen for opprettinga av Fagspråksenteret

Fokusområde

Fagspråksenteret sitt viktigaste forskingsspørsmål er: 

  • Kva for innovasjonar trengst i norsk språkvitskap for at nasjonen skal kunne sikre posisjonen for norsk fagspråk og norsk generelt som eit samfunnsberande språk? 

Aktivitetane i senteret skal bidra til desse nyvinningane, og ei tverrfagleg tilnærming er nødvendig for å svare på dette overordna spørsmålet. Forskinga er difor organisert i ulike fokusområde: